13350
/sosiale-forhold-og-kriminalitet/statistikker/barneverng/arkiv
13350
Fleire ungdommar mottok tiltak
statistikk
2007-09-05T10:00:00.000Z
Sosiale forhold og kriminalitet;Innvandring og innvandrere;Offentlig sektor
no
barneverng, Barnevern, kommunalt barnevern, barnevernstiltak, undersøkingssaker, uromeldingar, hjelpetiltak, omsorgstiltak, fosterheimar, besøksheimar, støttekontakt, ettervernsklientar, barnevernsinstitusjonar, beredskapsheimar, omsorgssvikt, barnemishandling, åtferdsvanskar, plasseringar, behandlingstidSosiale forhold og kriminalitet, KOSTRA, Barne- og familievern, Innvandring og innvandrere, Sosiale forhold og kriminalitet, Offentlig sektor
false

Barnevern2006

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire ungdommar mottok tiltak

Vel 40 400 barn og unge mottok tiltak frå barnevernet i løpet av 2006. Det er meir enn 1 200 fleire enn året før og ein auke på 3,1 prosent. Av desse var 10 000 barn nye i barnevernet det siste året. Ungdommar sto for den største prosentvise veksten.

Dei aller fleste barn med tiltak, nær 33 200, mottok berre hjelpetiltak, som til dømes besøksheim, økonomisk hjelp, barnehage eller støttekontakt. For 18 prosent av dei med barnevernstiltak, 7 261 barn og unge, hadde det offentlege teke over omsorga etter § 4-12-vedtak i fylkesnemnda. Av desse var 6 012 plasserte i fosterheim, det vil seia 83 prosent (vedleggstabell 7). Resten hadde anten plass i institusjon eller hadde andre omsorgstiltak utanfor heimen. Det er framleis noko fleire gutar enn jenter i barnevernet. Vel 21 850 gutar mot vel 18 550 jenter mottok tiltak i løpet av 2006. Ser ein dette i høve til folketal, var det 34,6 per 1 000 gutar 0-17 år, mot 31,1 jenter som hadde tiltak i løpet av 2006. Samla for begge kjønn var det 32,9 per 1 000 barn 0-17 år som mottok tiltak i løpet av 2006.

Størst auke i gruppa 13-17 år

Talet på barn med tiltak auka i alle aldersgruppene siste år, men dei to tenåringsgruppene 13-17 år og 18-22 år hadde den største prosentvise auken. Førstnemnde auka med vel 600 til nær 13 500 tenåringar, ein vekst på 4,9 prosent. Ettervernsklientane, dei over 18 år, auka med vel 160, eller 4,0 prosent. I alt var det nær 4 300 ungdommar over 18 år som mottok ulike barnevernstiltak i løpet av 2006. Ser ein alle aldersgruppene samla, var auken som før nemnd på 3,1 prosent.

Andre tiltak på topp

Andre tiltak ligg framleis på toppen av lista over registrerte tiltak. Dette samleomgrepet inneheld både til dømes råd og rettleiing , deltaking i ansvarsgruppe , hjelp med lekselesing og liknande. Vel 20 500 barn og unge, eller 51 prosent av alle barn med tiltak, var registrerte med andre tiltak i 2006. Det er nær 2 000 fleire enn året før og ein auke på 10,5 prosent. Nær 14 000 mottok økonomisk stønad - det vil seia 35 prosent av alle barnevernsklientane i 2006. Besøksheim/avlastning, fosterheim, barnehage, støttekontakt og tilsyn er andre tiltak som ofte blir nytta. Blant dei nyare tiltaka som MST - multisystemisk terapi og PMTO - foreldrerettleiing er utviklinga svært ulik. Medan barn med MST har gått ned frå 763 til 696 frå 2005 til 2006, ein nedgang på 8,8 prosent, har bruken av PMTO auka frå 483 i 2005 til 584 i 2006, ein auke på 20,9 prosent.

Plassering som hjelpetiltak

Etter lov om barneverntjenester frå 1993 er det mogleg å plassera barn utanfor heimen utan at fylkesnemnda fattar vedtak om å overta omsorgen for barnet. Plasseringa er då eit hjelpetiltak. Vedtak etter barnevernloven § 4-12 i fylkesnemnda er lik omsorgsovertaking. Tabellen under viser tal på barn med tiltak per 31. desember. Frå 1993 har talet på barn plasserte i fosterheimar som hjelpetiltak, auka frå vel 300 til vel 1 950 barn ved utgangen av år 2006. Tilsvarande har det vore ein auke av barn plasserte i barne- og ungdomsheimar som hjelpetiltak - frå omkring 165 barn ved utgangen av 1993 til vel 800 barn i 2006. Noko av denne auken heng saman med at barn no kan ha tiltak fram til fylte 23 år. Ei plassering i fosterheim som omsorgstiltak går over til eit hjelpetiltak når barnet fyller 18 år. Ingen kan med andre ord vere under omsorg etter fylte 18 år, men same tiltak kan halda fram. Mange av dei som har tiltak etter fylte 18 år, er unge som har fått forlenga ei fosterheims- eller institusjonsplassering.

Barn plasserte i fosterheimar og barnevernsinstitusjonar per 31. desember, etter type tiltak. 1993-2006
år Fosterheimar i alt Fosterheimar (omsorg) Fosterheimar (hjelpetiltak) Barnevernsinstitusjonar i alt Barnevernsinstitusjonar (omsorg) Barnevernsinstitusjonar (hjelpetiltak)
1993    4 952 4 641  311  748  583  165
1994    4 843 4 267  576  782  515  267
1995    4 959 4 216  743  787  428  359
1996    4 902 3 981  921  824  408  416
1997    5 118 4 055 1 063  788  357  431
1998    5 456 4 198 1 258  933  424  509
1999    5 664 4 277 1 387 1 011  438  573
2000    6 007 4 462 1 545 1 140  460  680
2001    6 159 4 551 1 608 1 225  482  743
2002    6 344 4 712 1 632 1 189  513  676
2003    6 697 4 926 1 771 1 301  568  733
2004    6 922 5 054 1 868 1 279  569  710
2005    7 030 5 205 1 825 1 310  571  739
2006    7 292 5 331 1 961 1 386  571  815

Nær 10 400 nye barn med tiltak

Sist år var det nær 10 400 nye barn som mottok barnevernstiltak, mot vel 10 000 nye året før (tabell 9). Dette er ein auke på 3,2 prosent siste år, mot 1,5 prosent året før. Av dei nye barna i barnevernet var det foreldra sjølve (mor/far) som i 23 prosent av sakene tok kontakt med barnevernet (tabell 10). Barnevernstenesta og sosialkontortenesta stod bak 12 prosent av dei nye sakene. Skulen meldte frå om 11 prosent, og politi var meldingsinstans for 7 prosent av sakene. Barnehage og naboar var registrert som meldingsinstans i 3 og 2 prosent av sakene. Av nye barnevernsbarn i alderen 0-5 år, var barnehagen meldingsinstans i 6 prosent av sakene.

Barn 0-17 år med barnevernstiltak per 31.12 per 1 000 barn 0-17 år. Fylke. 2005 og 2006

30 800 barn med tiltak per 31.12

Ved utgangen av 2006 var det 30 800 barn registrert med barnevernstiltak. Dette er vel 900 fleire enn året før og ein vekst på 3,1 prosent. Åtte av ti av desse barna, nær 24 700 barn, var registrerte med hjelpetiltak. Ved utgangen av året var det vel 800 fleire barn med hjelpetiltak enn året før, ein auke på 3,4 prosent. Per 31. desember var vel 6 100 barn under omsorg av barnevernet, jf § 4-12 i lov om barneverntjenester. Av desse var langt dei fleste, vel 5 300 barn, plasserte i fosterheim. Det var 111 fleire barn under omsorg per 31.desember 2006 enn ved utgangen av 2005. Det vil seie ein auke på 1,8 prosent siste år, mot 3,1 prosent frå 2004 til 2005.

Store skilnader mellom fylka

Ved utgangen av 2006 var det i gjennomsnitt 25,9 barn per 1 000 barn under 18 år som mottok tiltak mot 25,2 året før. Det er framleis store skilnader mellom fylka. Møre og Romsdal og Telemark ligg framleis på topp med 31,1 og 30,4 klientar per 1 000 barn. Dei tre fylka i Region Nord ligg òg høgt; Nordland med 29,7, Troms med 29,2 og Finnmark med 29,4 klientar per 1 000 barn under 18 år. Til samanlikning hadde Akershus berre 19,1. Hedmark ligg òg lågt med 21,9 barn med tiltak per 1 000 barn. Størst auke siste år hadde Møre og Romsdal og Nord-Trøndelag, medan fem fylke hadde nedgang i klientar per 31.12. sett i høve til talet på barn under 18 år. Størst var nedgangen i Telemark.

Flest med tiltak i Trondheim

Av dei fire største byane er det no Trondheim som har flest barn med tiltak i høve til barnebefolkninga tett følgt av Oslo. Dette er dei to kommunane som har totalansvar for barnevernet, det vil seia også ansvar for den statlege delen av barnevernet. Ved utgangen av 2006 hadde 28,0 per 1 000 barn under 18 år i Trondheim, og 27,9 i Oslo, tiltak. I Stavanger og Bergen hadde til samanlikning 26,8 og 26,6 per 1 000 barn 0-17 år tiltak ved utgangen av 2006. Alle dei fire storbyane ligg over landsgjennomsnittet, som var på 25,9 per 1 000 barn per 31.12. i 2006.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB