13356_not-searchable
/sosiale-forhold-og-kriminalitet/statistikker/barneverng/arkiv
13356
36 000 barn med tiltak frå barnevernet
statistikk
2004-08-25T10:00:00.000Z
Sosiale forhold og kriminalitet;Innvandring og innvandrere;Offentlig sektor
no
barneverng, Barnevern, kommunalt barnevern, barnevernstiltak, undersøkingssaker, uromeldingar, hjelpetiltak, omsorgstiltak, fosterheimar, besøksheimar, støttekontakt, ettervernsklientar, barnevernsinstitusjonar, beredskapsheimar, omsorgssvikt, barnemishandling, åtferdsvanskar, plasseringar, behandlingstidSosiale forhold og kriminalitet, KOSTRA, Barne- og familievern, Innvandring og innvandrere, Sosiale forhold og kriminalitet, Offentlig sektor
false

Barnevern2003

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

36 000 barn med tiltak frå barnevernet

I alt 36 000 barn mottok tiltak frå barnevernet i 2003. Det er ein auke på 4,8 prosent. Aldri har talet på barn med tiltak frå barnevernet vore så høgt.

Dei aller fleste av desse barna, vel 29 250, mottok berre hjelpetiltak, som til dømes besøksheim, barnehage eller støttekontakt. For nær 6 750 barn og unge hadde det offentlege teke over omsorgen etter vedtak i fylkesnemnda. Av barn under omsorg av barnevernet i 2003, var åtte av ti - 81 prosent - plasserte i fosterheim. Resten hadde enten plass i ein institusjon eller hadde andre omsorgstiltak utanfor heimen. Det er framleis noko fleire gutar enn jenter med barnevernstiltak, 31,5 og 28,8 per 1 000 barn 0-17 år i løpet av 2003. Talet på jenter med tiltak har likevel auka mest dei to siste åra. Dette gjeld enten ein ser på tal for barn med tiltak i løpet av året , eller ein fokuserer på eit situasjonsbilete per 31 . 12 , som ein kan finna tal for i vedleggstabellane.

Plassering som hjelpetiltak

Lov om barneverntjenester gjer det mogeleg å plassera barn utanfor heimen utan at fylkesnemnda fattar vedtak om å overta omsorg for barnet. Plasseringa kallast då eit hjelpetiltak. Tabellen under viser tal på barn med tiltak per 31. desember. Frå 1993 har talet på barn plasserte i fosterheimar, som hjelpetiltak, auka frå vel 300 til nær 1 800 barn ved utgangen av år 2003. Tilsvarande har det vore ein auke av barn plasserte i barne- og ungdomsheimar som hjelpetiltak - frå omkring 150 barn ved utgangen av 1993, til vel 700 barn i 2003. Noko av den auken heng saman med at barn no kan ha tiltak fram til fylte 23 år. Ei plassering i fosterheim som omsorgstiltak, vil gå over til eit hjelpetiltak når barnet fyller 18 år. Ingen kan være under omsorg etter fylte 18 år. Mange av dei som har tiltak etter fylte 18 år, er unge som har fått forlenga ei fosterheim- eller institusjonsplassering.

Barn plasserte i fosterheimar og barnevernsinstitusjonar på slutten av året,
etter type tiltak. 1993-2003
år    Fosterheimar
i alt
   Fosterheimar
(omsorg)
    Fosterheimar
(hjelpetiltak)
    Barneverns-
institusjonar
i alt
    Barneverns-
institusjonar
(omsorg)
     Barneverns-
institusjonar
(hjelpetiltak)
1993    4 952 4 641  311  748  583  165
1994    4 843 4 267  576  782  515  267
1995    4 959 4 216  743  787  428  359
1996    4 902 3 981  921  824  408  416
1997    5 118 4 055 1 063  788  357  431
1998    5 456 4 198 1 258  933  424  509
1999    5 664 4 277 1 387 1 011  438  573
2000    6 007 4 462 1 545 1 140  460  680
2001    6 159 4 551 1 608 1 225  482  743
2002    6 344 4 712 1 632 1 189  513  676
2003    6 697 4 926 1 771 1 301  568  733

27 350 barn med tiltak per 31.12

Nær 27 350 barn mottok barnevernstiltak ved utgangen av 2003. Dette er nær 1 000 fleire enn året før, og ein auke på 3,8 prosent. Dei aller fleste av desse barna, vel 21 650 barn, var registrerte med hjelpetiltak. Ved utgangen av året var det vel 800 fleire barn med hjelpetiltak enn året før, ein auke på 3,9 prosent. Per 31. desember var nær 5 700 barn under omsorg av barnevernet, jf. § 4-12 i lov om barneverntjenester. Av desse var langt dei fleste - vel 4 900 barn - plasserte i fosterheim. Vel 550 var i barne- eller ungdomsheim, og om lag 200 i andre omsorgstiltak utanfor heimen. Det var nær 200 fleire barn under omsorg per 31. desember 2003 enn ved utgangen av 2002. Det vil seia ein auke på 3,3 prosent siste år. Auken frå 2001 til 2002 var til samanlikning på 4,8 prosent.

Barn 0-17 år med barnevernstiltak på slutten av året per 1 000 barn 0-17 år. Fylke. 2002 og 2003

Størst auke blant dei eldste

Sjølv om talet på barn med tiltak auka i alle aldersgruppene, er det blant "ettervernklientane", dei i aldersgruppa 18-22 år, ein finn den største prosentvise auken. Vel 2 150 unge i alderen 18-22 år mottok barnevernstiltak ved utgangen av 2003, mot nær 2 000 unge året før. Det vil seia ein auke i talet på "ettervernklientar" på 9,1 mot 5,5 prosent året før. Ved utgangen av 2003 var tre av ti "ettervernklientar" i fosterheim, og 15 prosent hadde plass i institusjon. I tillegg mottok 15 prosent hjelp til bustad. Fire av ti i denne aldersgruppa - 42 prosent - mottok økonomisk hjelp frå barnevernet.

Store skilnader mellom fylka

Ved utgangen av 2003 var det, som året før, i gjennomsnitt 23 barn per 1 000 barn under 18 år som mottok barnevernstiltak. Det er framleis store skilnader mellom fylka. Østfold ligg framleis på topp, no med 28 klientar per 1 000 barn. Telemark, Buskerud, Finnmark og Nordland ligg òg høgt med 26 klientar per 1 000 barn under 18 år. Til samanlikning hadde Akershus berre 18. Sogn og Fjordane, Vestfold og Vest-Agder ligg òg lågt med 21 med tiltak per 1 000 barn.

Flest med tiltak i Stavanger

Av dei fire største byane er det framleis Stavanger som har flest barn med tiltak i høve til barnebefolkninga. Ved utgangen av 2003 hadde 31 av 1 000 barn under 18 år i Stavanger barnevernstiltak. Oslo hadde til samanlikning 25 barn med tiltak ved utgangen av 2003. I Bergen og Trondheim, som berre så vidt ligg over landsgjennomsnittet, var det 24 barn per 1 000 barn under 18 år som mottok tiltak frå barnevernet.

Tabeller: