13358_not-searchable
/sosiale-forhold-og-kriminalitet/statistikker/barneverng/arkiv
13358
Fleire barn får hjelp
statistikk
2003-10-14T10:00:00.000Z
Sosiale forhold og kriminalitet;Innvandring og innvandrere;Offentlig sektor
no
barneverng, Barnevern, kommunalt barnevern, barnevernstiltak, undersøkingssaker, uromeldingar, hjelpetiltak, omsorgstiltak, fosterheimar, besøksheimar, støttekontakt, ettervernsklientar, barnevernsinstitusjonar, beredskapsheimar, omsorgssvikt, barnemishandling, åtferdsvanskar, plasseringar, behandlingstidSosiale forhold og kriminalitet, KOSTRA, Barne- og familievern, Innvandring og innvandrere, Sosiale forhold og kriminalitet, Offentlig sektor
false

Barnevern2002

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Fleire barn får hjelp

I alt 34 350 barn tok imot tiltak frå barnevernet i fjor. Det er 1 050 fleire enn i 2001, ein auke på 3,2 prosent. Aldri har talet på barn med tiltak frå barnevernet vore så høgt.

Vel 6 550 barn var under omsorg av barnevernet i løpet av 2002, og av desse var 80 prosent plasserte i fosterheim. Dei andre hadde enten institusjonsplass eller andre omsorgstiltak utanfor heimen. Dei aller fleste av barna, åtte av ti, mottok berre hjelpetiltak, som til dømes besøksheim, barnehage eller støttekontakt.

26 350 barn med tiltak ved årsskiftet

Vel 26 350 barn tok imot barnevernstiltak ved utgangen av 2002. Dette er vel 450 fleire enn året før, og ein auke på 1,8 prosent. Dei aller fleste av desse barna, 20 850 barn, var registrerte med hjelpetiltak. Talet på barn med hjelpetiltak auka med 200 siste år, ein auke på 1,0 prosent. Per 31.12. var vel 5 500 barn under omsorg av barnevernet, jf. § 4-12 i lov om barneverntjenester. Av desse var langt dei fleste, om lag 4 700 barn, plasserte i fosterheim. Vel 500 barn var i barne- eller ungdomsheim og nær 300 barn i andre omsorgstiltak utanfor heimen ved utgangen av 2002.

Plassering som hjelpetiltak

Lov om barneverntjenester gjer det mogeleg å plassera barn utanfor heimen utan at fylkesnemnda fattar vedtak om å overta omsorg for barnet. Plasseringa kallast då eit hjelpetiltak. Tabellen under viser at talet på barn som er plasserte utanfor heimen utan at barnevernet har teke over omsorga etter § 4-12, har auka kvart år fram til 2001, men ikkje siste året. Frå 1993 har talet på barn plasserte i fosterheimar, som hjelpetiltak, auka frå vel 300 til vel 1 600 barn ved utgangen av år 2002. Tilsvarande har det vore ein auke av barn plasserte i barne- og ungdomsheimar som hjelpetiltak; frå omkring 150 barn ved utgangen av 1993, til nær 700 barn i 2002. Noko av den auken heng saman med at barn no kan ha tiltak fram til fylte 23 år. Ei plassering i fosterheim som omsorgstiltak, vil gå over til eit hjelpetiltak når barnet fyller 18 år. Ingen kan være under omsorg etter fylte 18 år. Mange av dei som har tiltak etter fylte 18 år, er unge som har fått forlenga ei fosterheim- eller institusjonsplassering.

Fleire barn under omsorg

Per 31.12.2002 var det i alt vel 5 500 barn under omsorg av barnevernet. Dette er 250 fleire enn ved utgangen av 2001, og ein auke på 4,8 prosent samanlikna med året før. Auken frå 2000 til 2001 var til samanlikning på 2,4 prosent.

Barn 0-17 år med barnevernstiltak på slutten av året per 1 000 barn 0-17 år. Fylke. 2001 og 2002

Størst auke blant dei eldste

Sjølv om talet på barn med tiltak auka i alle aldersgruppene, er det blant "ettervernklientane", dei i aldersgruppa 18-22 år, ein finn den største prosentvise auken. Nær 2 000 unge i alderen 18-22 år tok imot barnevernstiltak ved utgangen av 2002, mot nær 1 800 unge året før. Det vil seia ein auke i talet på "ettervernklientar" på 5,5 mot 9 prosent året før. Ved utgangen av 2002 var tre av ti "ettervernklientar" (29 prosent) i fosterheim, og 17 prosent hadde plass i institusjon. I tillegg tok 13 prosent imot hjelp til bustad. Fire av ti i denne aldersgruppa (42 prosent) tok imot økonomisk hjelp frå barnevernet.

Store skilnader mellom fylka

Ved utgangen av 2002 var det, som året før, i gjennomsnitt 23 barn per 1 000 barn under 18 år som tok imot barnevernstiltak. Det er framleis store skilnader mellom fylka. Østfold ligg på topp med 29 klientar per 1 000 barn. Telemark ligg òg høgt med 27, og Finnmark hadde 26 klientar per 1 000 barn under 18 år. Til samanlikning hadde Akershus berre 17, og Sogn og Fjordane 20. Vestfold, Vest-Agder og Hordaland ligg òg lågt med 21 med tiltak per 1 000 barn.

Flest med tiltak i Stavanger

Av dei fire største byane var det Stavanger som hadde flest barn med tiltak i høve til barnebefolkninga. Ved utgangen av 2002 hadde 31 av 1 000 barn under 18 år i Stavanger barnevernstiltak. Tilsvarande tal i 2000 var 30. Oslo og Bergen hadde til samanlikning 24 barn med tiltak ved utgangen av 2002, og i Trondheim, som er den einaste av storbyane som ligg under landsgjennomsnittet, var det 21 barn per 1 000 barn under 18 år som tok imot tiltak frå barnevernet.

Barnevernsstatistikken blei lagt om frå 2001 til 2002. Det er no mogeleg for første gong å registrera tiltak som; skulefritidsordning (SFO), MST - multisystemisk behandling, og PMT - foreldreopplæring. Utvidinga frå 23 til 26 tiltakskategoriar har ført til nokre problem. Talet for poliklinisk psykiatrisk behandling (= det nye tiltak 23) er truleg for høgt, fordi fleire kommunar først fekk oppgradert fagsystemet sitt etter at rapporteringsåret starta. Talet på MST og PMT i løpet av året er derimot for låge samanlikna med tal rapportert frå fylkeskommunane for 2002.

Barn plasserte i fosterheimar og barnevernsinstitusjonar på slutten av året, etter type tiltak. 1993-2002
år Fosterheimar i alt Fosterheimar (omsorg) Fosterheimar (hjelpetiltak) Barnevernsinstitusjonar i alt Barnevernsinstitusjonar (omsorg) Barnevernsinstitusjonar (hjelpetiltak)
1993    4 952 4 641  311  748  583  165
1994    4 843 4 267  576  782  515  267
1995    4 959 4 216  743  787  428  359
1996    4 902 3 981  921  824  408  416
1997    5 118 4 055 1 063  788  357  431
1998    5 456 4 198 1 258  933  424  509
1999    5 664 4 277 1 387 1 011  438  573
2000    6 007 4 462 1 545 1 140  460  680
2001    6 159 4 551 1 608 1 225  482  743
2002    6 344 4 712 1 632 1 189  513  676

Tabeller: