13360_not-searchable
/sosiale-forhold-og-kriminalitet/statistikker/barneverng/arkiv
13360
33 300 barn med barnevernstiltak
statistikk
2002-08-08T10:00:00.000Z
Sosiale forhold og kriminalitet;Innvandring og innvandrere;Offentlig sektor
no
barneverng, Barnevern, kommunalt barnevern, barnevernstiltak, undersøkingssaker, uromeldingar, hjelpetiltak, omsorgstiltak, fosterheimar, besøksheimar, støttekontakt, ettervernsklientar, barnevernsinstitusjonar, beredskapsheimar, omsorgssvikt, barnemishandling, åtferdsvanskar, plasseringar, behandlingstidSosiale forhold og kriminalitet, KOSTRA, Barne- og familievern, Innvandring og innvandrere, Sosiale forhold og kriminalitet, Offentlig sektor
false

Barnevern2001

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

33 300 barn med barnevernstiltak

I alt 33 300 barn mottok tiltak frå barnevernet i løpet av 2001. Dette er 1 400 fleire enn i 2000, og ein auke på 4,4 prosent. Aldri har talet på barn med tiltak frå barnevernet vore så høgt.

Barn 0-17 år med barnevernstiltak på slutten av året per 1 000 barn 0-17 år. Fylke. 2000 og 2001

Dei aller fleste av barna, åtte av ti, mottok berre hjelpetiltak, som til dømes besøksheim, støttekontakt eller barnehage. Vel 6 200 barn var under omsorg av barnevernet i løpet av 2001, og av desse var 83 prosent plasserte i fosterheim. Dei andre hadde anten institusjonsplass eller andre omsorgstiltak utanfor heimen.

25 900 barn med tiltak ved årsskiftet

Nær 25 900 barn mottok barnevernstiltak ved utgangen av 2001. Dette er nær 1 100 fleire enn året før, og ein auke på 4,3 prosent. Dei aller fleste av desse barna, 20 600 barn, var registrerte med hjelpetiltak. Talet på barn med hjelpetiltak auka med 950 siste året, ein auke på 4,8 prosent. Per 31.12. var vel 5 250 barn under omsorg av barnevernet, jf. paragraf 4-12 i lov om barneverntjenester. Av desse var langt dei fleste, om lag 4 550 barn, plasserte i fosterheim. Nær 500 barn var i barne- eller ungdomsheim og vel 200 barn i andre omsorgstiltak utanfor heimen ved utgangen av 2001.

Auke i plassering som hjelpetiltak

Lov om barneverntjenester opnar for å plassera barn utanfor heimen utan at fylkesnemnda fattar vedtak om å overta omsorgen for barnet. Det er difor fleire barn som er plasserte utanfor heimen, enn talet på barn under omsorg. Plasseringa kallast da eit hjelpetiltak. Tabellen under viser at talet på barn som er plasserte utanfor heimen utan at barnevernet har overteke omsorga etter paragraf 4-12, har auka kvart år. Frå 1993 har talet på barn plasserte i fosterheimar, som hjelpetiltak, auka frå vel 300 til vel 1 600 barn ved utgangen av 2001. Tilsvarande har det vore ein auke av barn plasserte i barne- og ungdomsheimar som hjelpetiltak; frå omkring 150 barn ved utgangen av 1993, til nær 750 barn i 2001. Noko av den auken heng saman med at barn no kan ha tiltak fram til fylte 23 år. Ei plassering i fosterheim som omsorgstiltak, vil gå over til eit hjelpetiltak når barnet fyller 18 år. Ingen kan vere under omsorg etter fylte 18 år. Mange av dei som har tiltak etter fylte 20 år, er unge som har fått forlenga ei fosterheim- eller institusjonsplassering.

Fleire barn under omsorg

Per 31.12.2001 var det i alt vel 5 250 barn under omsorg av barnevernet. Dette er 125 fleire enn ved utgangen av 2000, og ein auke på 2,4 prosent samanlikna med året før. Auken frå 1999 til 2000 var til samanlikning på 3,8 prosent.

Størst auke blant dei eldste

Sjølv om talet på barn med tiltak auka i alle aldersgruppene, er det blant "ettervernklientane", dei i aldersgruppa 18-22 år, ein finn den største prosentvise auken. Nær 1 900 unge i alderen 18-22 år mottok barnevernstiltak ved utgangen av 2001, mot vel 1 700 unge året før. Det vil seia ein auke i talet på "ettervernklientar" på 9 prosent siste året. Ved utgangen av 2001 var tre av ti "ettervernklientar" (32 prosent) i fosterheim, og to av ti (20 prosent) hadde plass i institusjon. I tillegg mottok 11 prosent hjelp til bustad. Fire av ti i denne aldersgruppa mottok økonomisk hjelp frå barnevernet.

Store skilnader mellom fylka

Ved utgangen av 2001 var det i gjennomsnitt 23 barn per 1 000 barn under 18 år som mottok barnevernstiltak, mot 22 per 1 000 året før. Det er framleis store skilnader mellom fylka. Østfold ligg på topp med 29 klientar per 1 000 barn. Nordland ligg òg høgt med 26, og Finnmark, Rogaland og Telemark hadde alle 25 klientar per 1 000 barn under 18 år. Til samanlikning hadde Akershus og Sogn og Fjordane berre 18. Oppland ligg òg lågt med 19 med tiltak per 1 000 barn.

Barn plasserte i fosterheimar og barnevernsinstitusjonar på slutten av året, etter type tiltak. 1993-2001
  Fosterheimar i alt Fosterheimar (omsorg) Fosterheimar (hjelpetiltak) Barnevernsinstitusjonar i alt Barnevernsinstitusjonar (omsorg) Barnevernsinstitusjonar (hjelpetiltak)
1993    4 952 4 641  311  748  583  165
1994    4 843 4 267  576  782  515  267
1995    4 959 4 216  743  787  428  359
1996    4 902 3 981  921  824  408  416
1997    5 118 4 055 1 063  788  357  431
1998    5 456 4 198 1 258  933  424  509
1999    5 664 4 277 1 387 1 011  438  573
2000    6 007 4 462 1 545 1 140  460  680
2001    6 159 4 551 1 608 1 225  482  743

Flest med tiltak i Stavanger

Av dei fire største byane var det Stavanger som hadde flest barn med tiltak i høve til barnebefolkninga. Ved utgangen av 2001 hadde 30 av 1 000 barn under 18 år i Stavanger barnevernstiltak. Tilsvarande tal i 2000 var 29. Oslo og Bergen hadde til samanlikning 24 barn med tiltak ved utgangen av 2001, og i Trondheim, som er den einaste av storbyane som ligg under landsgjennomsnittet, var det 22 barn per 1 000 barn under 18 år som mottok tiltak frå barnevernet.

Tabeller: