53028
/sosiale-forhold-og-kriminalitet/statistikker/barneverng/aar
53028
Stadig fleire barn får hjelp frå barnevernet
statistikk
2011-06-27T10:00:00.000Z
Sosiale forhold og kriminalitet;Innvandring og innvandrere;Offentlig sektor
no
barneverng, Barnevern, kommunalt barnevern, barnevernstiltak, undersøkingssaker, uromeldingar, hjelpetiltak, omsorgstiltak, fosterheimar, besøksheimar, støttekontakt, ettervernsklientar, barnevernsinstitusjonar, beredskapsheimar, omsorgssvikt, barnemishandling, åtferdsvanskar, plasseringar, behandlingstidSosiale forhold og kriminalitet, KOSTRA, Barne- og familievern, Innvandring og innvandrere, Sosiale forhold og kriminalitet, Offentlig sektor
false

Barnevern2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stadig fleire barn får hjelp frå barnevernet

Nær 50 000 barn og unge mottok tiltak frå barnevernet i løpet av 2010. Dette var 7,1 prosent fleire enn året før. Til samanlikning var auken på 5,3 prosent frå 2008 til 2009.

Nær 3 300 fleire barn mottok tiltak i løpet av 2010 samanlikna med året før. Dette er den største veksten i barn med tiltak vi har sett sidan den nye barnevernloven kom i 1993.

7,7 milliardar til barnevern

Dei totale brutto driftsutgifter til det kommunale barnevernet auka med heile 14 prosent frå 2009, til 7 700 millionar i 2010. I same periode auka talet på stillingar i det kommunale barnevernet med 111 årsverk, til 3 526 årsverk. Det er særleg talet på barnevernspedagogar, men også personar med anna høgskoleutdanning, som aukar, medan talet på sosionomar er stabilt.

Kraftig auke i barn med undersøkingar

I 2010 starta barnevernet nær 32 900 undersøkingar. Det er 2 700 fleire enn året før, og ein auke på 9 prosent frå 2009.

Frå melding til undersøking til tiltak

Ei barnevernssak startar ofte med ei melding til barnevernet, som snarast og innan ei veke må avgjera om dei skal setja i gang ei undersøking eller leggja bort meldinga. Ei undersøking skal snarast og innan 3 månader konkludera om det skal setjast i verk barnevernstiltak, eller om ein skal leggja bort saka.

Populasjonen i barnevernsstatistikken er barn inntil 23 år (jf. barnevernloven § 1-3) med undersøking og/eller tiltak. Meldingar blir ikkje registrerte.

Kven melder til barnevernet?

Av alle meldingane som førte til at undersøking vart starta, kom over halvparten frå følgjande fire av tjue moglege meldingsinstansar; foreldra (mor/far/føresette), skulen , barnevernstenesta og politi / lensmann . Meldingar frå barnehagar har auka med 13 prosent frå 2009, men står likevel berre bak rundt 4 prosent av meldingane som førte til undersøking.

Tilhøva i heimen den vanlegaste årsaka

I noko meir enn halvparten av dei påbyrja undersøkingane var tilhøva i heimen registrert som grunn, medan omsorgssvikt / mishandling var oppgitt i meir enn kvar fjerde undersøking. I 14 prosent var det åtferdsavvik hos barnet som var grunn til undersøkinga.

Over dobbelt så mange undersøkingar i Finnmark

Det er store skilnader mellom fylka i talet på undersøkingar som vart påbyrja i 2010 i høve til folketalet. Finnmark, som også tidligare år har hatt flest undersøkingar, hadde 47 påbyrja undersøkingar per 1 000 barn under 18 år. Dette er over dobbelt så mange som Sogn og Fjordane, som hadde 22 per 1 000 og klart færrast undersøkingar i høve til folketalet. Landsgjennomsnittet for 2010 var 29,5 undersøkingar per 1 000 barn under 18 år.

Færre med behandlingstid over 3 månader

Av 29 900 undersøkingar avslutta i 2010 hadde 76 prosent ei behandlingstid på under 3 månader. Tilsvarande tal for 2009 var 69 prosent. Talet på saker med behandlingstid frå 3 til 6 månader gjekk ned frå 24 prosent av dei avslutta sakene i 2009 til 17 prosent i 2010. 6 prosent av undersøkingssakene i 2010 hadde ei behandlingstid på 6 månader eller meir, mot 7 prosent året før.

Barn med barnevernstiltak i løpet av året. Hjelpetiltak og omsorgstiltak. 1993-2010

49 800 barn med tiltak i løpet av året

49 800 barn og unge mottok tiltak frå barnevernet i 2010. 84 prosent av desse barna mottok berre hjelpetiltak, ein auke på 7,8 prosent frå året før. Talet på barn med omsorgstiltak auka igjen frå 2009 til 2010 med nær 300, etter at det var ein liten nedgang frå 2008 til 2009. Ser ein på dei lange linjene viser dei at medan 29 prosent1 av tiltaka var omsorgstiltak i 1993, var berre 16 prosent omsorgstiltak i 2010. Det er altså i stor grad veksten i hjelpetiltak som forklarer veksten i tiltak i barnevernet.

Hjelpetiltak og omsorgstiltak

Barnevernet kan berre overta omsorgen for eit barn etter vedtak i fylkesnemnda (vedtak etter barnevernloven § 4-12). Det er også mogleg å plassere barn utanfor heimen utan å overta omsorgen for barnet. Plasseringa blir då som eit hjelpetiltak.

Hjelpetiltak som til dømes støttekontakt, barnehageplass, besøksheim, avlastingstiltak i heimen, plass i SFO med meir er vedtak fatta etter barnevernloven § 4-4.

Barn med barnevernstiltak i løpet av året per 1 000 barn, etter aldersgrupper. 2008-2010

Auke i alle aldersgrupper siste år

Talet på barn med tiltak i løpet av 2010 auka i alle aldersgruppene. 16 prosent fleire unge mellom 18 og 22 år mottok tiltak sett i høve til i 2009. Totalt mottok vel 5 500 unge over 18 år tiltak i 2010, noko som berre utgjer om lag 11 prosent av alle barn med tiltak i løpet av det året.

Ser ein på barn med tiltak i høve til folketalet får ein fram eit noko annleis bilete. Det var auke i alle aldersgruppene målt per 1 000 barn, men den største auken var i aldersgruppa 13-17 år der barn med tiltak auka frå 49 til 51 per 1 000 barn siste år. Det er også i denne aldersgruppa ein finn flest barn med barnevernstiltak per 1 000. Aldersgruppa 3-5 år har den nest største auken, frå 32 til 34 per 1 000 barn frå 2009 til 2010.

Fleire gutar enn jenter

Det er som i tidlegare år fleire gutar enn jenter i barnevernet: 27 400 gutar mot 22 400 jenter mottok tiltak i løpet av 2010. Blant dei barna som var nye i barnevernet i 2010, var det også 55 prosent gutar.

Kva tiltak mottok barna?

Vedtak om råd og rettleiing var det klart mest nytta tiltaket. 34 prosent av alle barn med tiltak i løpet av 2010 mottok dette tiltaket. Deretter følgjer besøksheim med 23 prosent og økonomisk hjelp med 21 prosent.

I løpet av 2010 mottok 770 barn tiltaket multisystemisk terapi (MST) mot 718 året før. MST er eit intensivt tiltak til unge med åtferdsproblem. Målet er å gje hjelp i og til nærmiljøet for å hindre plassering. Foreldrerettleiing (PMTO) er eit anna tiltak retta inn mot familiar med yngre barn med åtferdsproblem. 4 661 barn mottok PMTO i 2010, som er 11 prosent fleire enn året før.

Kvart tredje barn plassert på slutten av året

Ved utgangen av 2010 var det 37 300 barn registrert med barnevernstiltak. Dette er nesten 1 700, eller 4,6 prosent, fleire enn året før. Av desse barna med tiltak var 12 500 barn plassert utanfor familien, enten som hjelpe- eller omsorgstiltak. Det vil seie at 8,7 per 1 000 var plasserte, det tilsvarande talet ved utgangen av 2009 var 8,0. Av desse var 7 av 10 plassert i fosterheimar. Bruken av fosterheimar og dei andre typane plasseringstiltak aukar. Berre i forhold til barnevernsinstitusjonar og andre behandlingsinstitusjonar ser vi ein liten tilbakegang i bruken. Spesielt aukar bruken av bustad med oppfølging . Medan det var 12 prosent av dei plasserte som hadde hybel/bustad med oppfølging i 2009, var det nesten 15 prosent som hadde det i 2010.

Barn 0-17 år med barnevernstiltak per 31.12. per 1 000 barn 0-17 år. Fylke. 2009 og 2010

Store skilnader mellom fylka

Ved utgangen av 2010 var det 30,4 per 1 000 barn under 18 år som mottok barnevernstiltak. Det tilsvarande talet for 2009 var 29,5. Det er framleis store skilnader mellom fylka. Finnmark og Nord-Trøndelag ligg no på topp med høvesvis 40 og 37 klientar per 1 000 barn. Aust-Agder, Buskerud og Finnmark har hatt den største veksten siste år målt i høve til folketal. Akershus har klart færrast barn med tiltak, berre 23 per 1 000, men også Rogaland, Sør-Trøndelag og Hordaland ligg lågt.

Flest barn med tiltak i Bergen

Av dei fire største byane var det Bergen som hadde flest barn med tiltak i høve til barnebefolkninga, med 30 per 1 000 barn under 18 år ved utgangen av 2010. Oslo følgjer med 29, deretter Stavanger med 25 og Trondheim med 21. Frå 2009 var det ein nedgang både i Bergen og Oslo, medan Stavanger og Trondheim har om lag same klientrate som året før.

Talet på barn som mottok tiltak varierer stort mellom dei ulike bydelane i Oslo. Medan det i Vestre Aker og Nordre Aker var høvesvis 10 og 12 barn med tiltak per 1 000 barn 0-17 år, hadde Søndre Nordstrand og Sagene høvesvis 53 og 51 per 1 000.

Nye barn i barnevernet

I 2010 var det 13 700 barn med tiltak som ikkje var registrert i barnevernet året før, ein auke på 7,5 prosent frå året før. Over 96 prosent av desse barna mottok hjelpetiltak. Medan talet på nye barn med hjelpetiltak auka med vel 7 prosent frå 2009, var auken i talet på nye barn som mottok omsorgstiltak på over 12 prosent. I 2010 var vel 500 av dei nye barna under omsorg.

Av dei nye barna mottok meir enn 42 prosent råd og rettleiing som tiltak frå barnevernet. Elles er økonomisk hjelp , deltaking i ansvarsgruppe og besøksheim dei mest brukte tiltaka blant dei nye barna. For over 16 prosent av dei nye barna var det foreldra (mor/far/føresette) som tok opp saka med barnevernet medan skulen meldte frå i 14 prosent av sakene. Av nye barnevernsbarn i alderen 0-5 år, var barnehagen meldingsinstans i over 8 prosent av sakene i 2010.

Flyttingar

Det var registrert 2 440 barnevernsbarn som flytta i 2010. Nær halvparten av dei barna som flytta, flytta berre ein gong i løpet av 2010.

Det blei i 2009 for første gong publisert tal på flyttingar av barn i barnevernet. Tal for 2010 er ikkje direkte samanliknbare med årstala for 2009 av di eit auka fokus frå SSB si side og hjelp frå kommunane til kvalitetssikring av registrerte flyttingar truleg gir betre tal for 2010. Framleis er det noko underrapportering.

Flytting blir registrert for alle med eitt eller fleire nye plasseringstiltak i statistikkåret. Tiltak som har ført til flytting av barnet. Nokre barn flyttar frå heimen, mens andre flyttar frå beredskapsheim, fosterheim eller institusjon.

Interkommunalt samarbeid

Av 430 kommunar i Noreg var 136 kommunar, eller 32 prosent, organisert i eit interkommunalt samarbeid med vertskommune ved utgangen av 2010. 21 kommunar, eller 5 prosent, hadde organisert barnevernstenesta si som ein del av NAV.

1  Talet blei retta 30. juni 2011.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB