12902_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/vppi/maaned
12902
Lågare oljepris
statistikk
2002-12-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
vppi, Vareprisindeks for industrinæringene (opphørt), prisutvikling, inflasjon, hjemmemarked, eksportmarked, olje- og gassutvinning, bergverksdrift, gruvedrift, kraftforsyning, konjunkturindikator, innsatsvarer, energivarer, konsumvarer, investeringsvarer, metallindustri, næringsmiddelindustri, oljeraffinering, maskinindustriEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Produsent- og engrosprisindekser, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer, Priser og prisindekser
false

Vareprisindeks for industrinæringene (opphørt)15. november 2002

Denne statistikken er opphørt, men de samme tallene finnes i denne statistikken Produsentprisindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning.

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Lågare oljepris

Vareprisindeksen gjekk ned 5,1 prosent frå oktober til november. Hovudårsaka var lågare oljepris. Straumprisen derimot heldt fram å auke.

Frå oktober til november fall prisane i gruppa for olje- og gassutvinning med 11,9 prosent. Tal frå London Spot Markets viser prisfall på råolje (Brent Blend) med bortimot 14 prosent, og prisen nærmar seg nivået for januar i år. Industriprisane gjekk ned 0,7 prosent. Med eit fall på 8,4 prosent medverka prisane på raffinerte oljeprodukt sterkast til denne utviklinga, medan prisane innanfor metallindustri og kjemisk industri viste ein auke. Ein sterk auke på om lag 25 prosent i prisane i kraftforsyning dempa det totale fallet. Prisane på straum passerte med dette toppen i september 1996 og er nå det høgaste målt sidan starten av vareprisindeksen (1995).

Etter varetype viste energivarene eit fall på 9,6 prosent, medan innsatsvarer og konsumvarer steig med respektive 0,7 og 0,3 prosent.

12-månadersveksten; samla oppgang på 3,2 prosent

Trass i prisfallet sidan oktober er vareprisindeksen framleis 3,2 prosent høgare enn i november i fjor. Høgare prisar innanfor olje- og gassutvinning er ei årsak til denne utviklinga, medan òg ein sterk auke innanfor kraftforsyning medverkar. I industrien gjekk prisane ned 1,3 prosent. Den største nedgangen var i metallindustri og treforedling, som gjekk ned respektive 8,3 og 10,1 prosent. Også matvarer og kjemisk industri hadde ein nedgang.

Vareprisindeks for industrinæringane. 2000=100
  November 2002 Endring i prosent
  Oktober-november 2002 November 2001-november 2002
Totalindeks 90,98 -5,1 3,2
Olje- og gassutvinning 77,07 -11,9 6,1
Industri og bergverksdrift 96,71 -0,7 -1,3
Kraftforsyning  222,29 25,4 61,9