12926_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/vppi/maaned
12926
Lågaste prisvekst nokon gong
statistikk
2001-12-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Energi og industri;Nasjonalregnskap og konjunkturer
no
vppi, Vareprisindeks for industrinæringene (opphørt), prisutvikling, inflasjon, hjemmemarked, eksportmarked, olje- og gassutvinning, bergverksdrift, gruvedrift, kraftforsyning, konjunkturindikator, innsatsvarer, energivarer, konsumvarer, investeringsvarer, metallindustri, næringsmiddelindustri, oljeraffinering, maskinindustriEnergi, Industri og bergverksdrift, Konjunkturer, Olje og gass, Produsent- og engrosprisindekser, Energi og industri, Nasjonalregnskap og konjunkturer, Priser og prisindekser
false

Vareprisindeks for industrinæringene (opphørt)15. november 2001

Denne statistikken er opphørt, men de samme tallene finnes i denne statistikken Produsentprisindeks for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning.

Innhold

Publisert:

Du er inne i en arkivert publisering.

Gå til nyeste publisering

Lågaste prisvekst nokon gong

Vareprisindeksen har sia starten i 1995 ikkje hatt lågare 12-månadersrate enn i november 2001. Ei viktig forklaring til dette er ein jamn nedgang i prisane på produkt innanfor oljeraffinering. Prisane i metallindustrien har òg vore viktige.

Indeksen samla hadde ein nedgang på 4 prosent i november, etter 10 prosent førre månad. Hovudforklaringa var lågare prisar på råolje, som fall 8,4 prosent. Gruppa olje- og gassutvinning gjekk med dette ned omtrent 7 prosent. Prisane innanfor industrien viste bort imot 1 prosent nedgang, medan gruppa kraftforsyning hadde omtrent 3 prosent høgare prisar i november enn i oktober.

Framleis fall i industrien si 12-månadersendring

Dei tre siste månadene har prisveksten innanfor industrien gått frå -2,1 prosent til -4,3 og -4,9 prosent i november, sett i forhold til same periodar i 2000. Tendensen har vore fallande over ein lang periode. I juni 2000 var veksten over 11 prosent. Ser man på dei same vekstratane for gruppa oljeraffinering, var tala 72 prosent i juni 2000, medan dei har falle til om lag -32 prosent i november.

Nærings- og nytingmiddel er den viktigaste gruppa med høgare prisar enn i fjor. Etter å ha vore 3,6 prosent høgare i september, auka forskjellen til 4,4 prosent i oktober og 4,2 prosent i november.

Vareprisindeks for industrinæringane. 2000=100
    Endring i prosent
  November 2001 Oktober 2001- november 2001 November 2000- november 2001
Totalindeks 84,36 -4,0 -23,2
Olje- og gassutvinning 72,63 -7,1 -38,1
Industri og bergverksdrift 98,00 -0,8 -4,7
Kraftforsyning 141,96 2,8 15,3