11747_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/bkibol/arkiv
11747
Lågare vekst i byggjekostnadene
statistikk
2008-12-11T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Bygg, bolig og eiendom
no
bkibol, Byggekostnadsindeks for bustader, byggekostnadsindeks, byggjekostnadar, arbeidskraftkostnader, materialkostnader, einebustader, bustadblokker, arbeidstype, elektrikararbeid, røyrleggjararbeid, grunnarbeid, materialtype, betong, armeringsstål, trelast, byggindeks, indeksreguleringByggekostnadsindekser , Bolig og boforhold, Bygg og anlegg, Bygg, bolig og eiendom, Priser og prisindekser
false

Byggekostnadsindeks for bustadernovember 2008

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Lågare vekst i byggjekostnadene

Byggjekostnadene for bustader steig med 4,4 prosent frå november i fjor til november 2008, medan materiala hadde ein kostnadsauke på 3,8 prosent i den same perioden.

Byggjekostnadsindeks for bustader. Prosentvis endring frå same månaden året før

Byggjekostnadsindeks for bustader. Materialindeksar for trelast, betong og armeringsstål. 2005=100

Frå november 2007 til november i år steig byggjekostnadene for bustadblokker med 5,3 prosent, medan einebustader av tre auka med 3,8 prosent. Materialkostnadene for bustadblokker og einebustader av tre steig med respektive 5,7 og 2,5 prosent i den same perioden.

Frå oktober til november i år auka byggjekostnadene for bustader med 0,7 prosent. Lønsstatistikk for 3. kvartal 2008 er teken med i byggjekostnadene, og er hovudårsaka til kostnadsauken. Arbeidskraftkostnaden steig med 2,2 prosent frå oktober til november i år, medan materialkostnadene gjekk ned med 0,2 prosent.

Kostnadene for einebustader av tre og bustadblokker steig med respektive 0,7 og 0,6 prosent frå oktober til november i år. Materialkostnadene gjekk ned med 0,2 og 0,3 prosent for dei to bustadtypane.

Byggjekostnadsindeks for bustader. 2000=100
 
 November 2008Endring i prosent
 Oktober 2008-
november 2008
November 2007-
november 2008
 
Bustader i alt 1 142,40,74,4
Bustader i alt, arbeidskraft 146,92,24,8
Bustader i alt, materialar 142,8-0,23,8
    
Einebustader av tre 142,10,73,8
Einebustader av tre, materialar 141,1-0,22,5
Einebustader av tre, byggjearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid 141,50,63,2
Einebustader av tre, byggjearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid, materialar 140,0-0,22,0
    
Bustadblokker 144,80,65,3
Bustadblokker, materialar 149,5-0,35,7
 
1  Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustader av tre og bustadblokker.

 

Tabeller

Tabeller til publiseringen