Innhald
Publisert:
Du er inne i ei arkivert publisering.
Byggjekostnadene opp 1,2 prosent siste månad
Byggjekostnadene for bustader auka med 1,2 prosent frå september til oktober i år. Dette er den høgaste månadsveksten som er registrert sidan september 2000. Materialkostnadene steig med 1,8 prosent i same periode.
Byggjekostnadene for einebustader av tre steig med 1,2 prosent, medan bustadblokker auka med 1,0 prosent frå september til oktober i år. Materialkostnadene auka med respektive 1,9 og 1,6 prosent i same periode. Det er materialkostnadene til tømring og snikring som bidreg mest til denne veksten.
Frå oktober i fjor til oktober i år steig byggjekostnadene for bustader med 4,7 prosent, medan materialkostnadene auka med 5,1 prosent i same periode. Kostnadene for bustadblokker steig med 5,1 prosent, mens einebustader av tre auka med 4,5 prosent. Materialkostnadene steig med respektive 5,6 og 4,9 prosent siste året.
| Byggjekostnadsindeks for bustader. 2000=100 |
| Oktober 2006 | Endring i prosent | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| September 2006-oktober 2006 | Oktober 2005-oktober 2006 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| Bustader i alt1 | 125,1 | 1,2 | 4,7 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| Bustader i alt, arbeidskraft | 128,0 | 0,3 | 4,2 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| Bustader i alt, materialar | 124,6 | 1,8 | 5,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| Einebustader av tre | 124,3 | 1,2 | 4,5 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| Einebustader av tre, materialar | 123,2 | 1,9 | 4,9 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| Einebustader av tre, byggjearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid | 123,7 | 1,3 | 4,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| Einebustader av tre, byggjearbeid unnateke stein-, jord- og sementarbeid, materialar | 122,3 | 2,0 | 4,8 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| Bustadblokker | 127,9 | 1,0 | 5,1 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| Bustadblokker, materialar | 130,4 | 1,6 | 5,6 | ||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| 1 | Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustader av tre og bustadblokker. |
Tabeller:
Tilleggsinformasjon
Kontakt
-
Hanne Beate Høiby
E-post: hanne.hoiby@ssb.no
tlf.: 40 81 14 28
-
Mona Takle
E-post: mona.takle@ssb.no
tlf.: 40 81 14 12