11865_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/bkibol/arkiv
11865
Byggjekostnadene opp 2,4 prosent
statistikk
2004-01-12T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Bygg, bolig og eiendom
no
bkibol, Byggekostnadsindeks for bustader, byggekostnadsindeks, byggjekostnadar, arbeidskraftkostnader, materialkostnader, einebustader, bustadblokker, arbeidstype, elektrikararbeid, røyrleggjararbeid, grunnarbeid, materialtype, betong, armeringsstål, trelast, byggindeks, indeksreguleringByggekostnadsindekser , Bolig og boforhold, Bygg og anlegg, Bygg, bolig og eiendom, Priser og prisindekser
false

Byggekostnadsindeks for bustaderdesember 2003

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Byggjekostnadene opp 2,4 prosent

Byggjekostnadene for bustader steig med 2,4 prosent frå desember 2002 til desember 2003.

Materialkostnadene auka med 2,2 prosent i same periode.

Byggjekostnadene for bustadblokker steig mest det siste året med 2,4 prosent, mens einebustader steig med 2,3 prosent. I same periode auka materialkostnadene for einebustader og bustadblokker med respektive 2,2 og 2,1 prosent.

Det siste året steig kostnadene for røyrleggjararbeid og elektrikararbeid mest, med mellom 4,3 og 4,9 prosent. Dei andre delindeksane auka med mellom 0,3 og 2,7 prosent i same periode.

Frå november til desember i fjor steig byggjekostnadene for bustader med 0,6 prosent. Materialkostnadene auka med 0,1 prosent i same periode. Lønsstatistikk for 3. kvartal 2003 er teken inn i byggjekostnadsindeksen for desember og medverka til at arbeidskraftkostnadene steig med 1,5 prosent frå november til desember i fjor.

Byggjekostnadsindeks for bustader. 2000=100
  Desember 2003 Endring i prosent
      November-
desember 2003
    Desember 2002-
desember 2003
Bustader i alt1  112,7 0,6 2,4
Bustader i alt, arbeidskraft  118,0 1,5 3,3
Bustader i alt, materialar  110,1 0,1 2,2
       
Einebustader av tre  112,5 0,5 2,3
Einebustader av tre, materialar  109,9 0,0 2,2
       
Bustadblokker  113,6 0,8 2,4
Bustadblokker, materialar  110,8 0,0 2,1
1  Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vegen indeks av einebustader av tre
og bustadblokker.