11871_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/bkibol/arkiv
11871
Byggjekostnadene opp 2,6 prosent
statistikk
2003-10-09T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Bygg, bolig og eiendom
no
bkibol, Byggekostnadsindeks for bustader, byggekostnadsindeks, byggjekostnadar, arbeidskraftkostnader, materialkostnader, einebustader, bustadblokker, arbeidstype, elektrikararbeid, røyrleggjararbeid, grunnarbeid, materialtype, betong, armeringsstål, trelast, byggindeks, indeksreguleringByggekostnadsindekser , Bolig og boforhold, Bygg og anlegg, Bygg, bolig og eiendom, Priser og prisindekser
false

Byggekostnadsindeks for bustaderseptember 2003

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Byggjekostnadene opp 2,6 prosent

Dei totale byggjekostnadene for bustader steig med 2,6 prosent frå september i fjor til september 2003. Materialkostnadene auka med 2,0 prosent i same periode, fortel tala frå Statistisk sentralbyrå.

Byggjekostnadene for bustadblokker steig med 2,8 prosent, mens einebustader auka med 2,5 prosent siste året. Materialkostnadene for bustadblokker og einebustader auka med respektive 1,9 og 2,1 prosent i same periode.

Frå september i fjor til september i år auka kostnadene for elektrikararbeid mest, med respektive 4,8 og 4,6 prosent for einebustader og bustadblokker.

Den siste månaden steig byggjekostnadene for einebustader og bustadblokker med respektive 0,1 og 0,3 prosent.

Byggjekostnadsindeks for bustader. 2000=100
  September 2003 Endring i prosent
  August-september 2003 September 2002-september 2003
Bustader i alt1  111,9 0,2 2,6
Bustader i alt, arbeidskraft  116,3 0,0 4,0
Bustader i alt, materialar  109,7 0,1 2,0
       
Einebustader av tre  111,7 0,1 2,5
Einebustader av tre, materialar  109,6 0,2 2,1
       
Bustadblokker  112,6 0,3 2,8
Bustadblokker, materialar  110,5 0,2 1,9
1  Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustader av tre og bustadblokker.