11889_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/bkibol/arkiv
11889
Byggjekostnadene opp 3,3 prosent
statistikk
2003-01-13T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Bygg, bolig og eiendom
no
bkibol, Byggekostnadsindeks for bustader, byggekostnadsindeks, byggjekostnadar, arbeidskraftkostnader, materialkostnader, einebustader, bustadblokker, arbeidstype, elektrikararbeid, røyrleggjararbeid, grunnarbeid, materialtype, betong, armeringsstål, trelast, byggindeks, indeksreguleringByggekostnadsindekser , Bolig og boforhold, Bygg og anlegg, Bygg, bolig og eiendom, Priser og prisindekser
false

Byggekostnadsindeks for bustaderdesember 2002

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Byggjekostnadene opp 3,3 prosent

Byggjekostnadsindeksen for bustader steig med 3,3 prosent frå desember 2001 til desember 2002. Materialkostnadene auka med 2,1 prosent i same periode.

Byggjekostnadene for bustadblokker steig mest siste året med 3,7 prosent, mens einebustader steig med 3,2 prosent. Materialkostnadene for bustadblokker og einebustader auka med respektive 2,6 og 2,0 prosent i same periode.

Det siste året steig kostnadene for elektrikararbeid mest, med respektive 5,1 og 5,0 prosent for bustadblokker og einebustader. Dei andre delindeksane auka mellom 2,6 og 4,3 prosent i same periode.

Frå november til desember i fjor steig byggjekostnadene for bustader med 0,9 prosent. Materialkostnadene heldt seg uendra i same periode. Lønsstatistikk for 3. kvartal 2002 er teken inn i byggjekostnadsindeksen for desember og medverka til at arbeidskraftkostnadene for bustader auka med 2,2 prosent frå november til desember i fjor.

Byggjekostnadsindeks for bustader. Januar 2000=100
  Desember 2002 Endring i prosent
  November-desember 2002 Desember 2001-desember2002
Bustader i alt1  112,2 0,9 3,3
Bustader i alt, arbeidskraft  116,1 2,2 4,8
Bustader i alt, materialar  109,9 0,0 2,1
       
Einebustader av tre  112,1 0,9 3,2
Einebustader av tre, materialar  109,7 0,0 2,0
       
Bustadblokker  112,9 1,1 3,7
Bustadblokker, materialar  110,9 0,1 2,6
1  Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustader av tre og bustadblokker.