11899_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/bkibol/arkiv
11899
Liten auke i byggjekostnadene
statistikk
2002-08-09T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Bygg, bolig og eiendom
no
bkibol, Byggekostnadsindeks for bustader, byggekostnadsindeks, byggjekostnadar, arbeidskraftkostnader, materialkostnader, einebustader, bustadblokker, arbeidstype, elektrikararbeid, røyrleggjararbeid, grunnarbeid, materialtype, betong, armeringsstål, trelast, byggindeks, indeksreguleringByggekostnadsindekser , Bolig og boforhold, Bygg og anlegg, Bygg, bolig og eiendom, Priser og prisindekser
false

Byggekostnadsindeks for bustaderjuli 2002

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Liten auke i byggjekostnadene

Byggjekostnadene for bustader auka med 0,2 prosent frå juni til juli i år. Materialkostnadene auka med 0,3 prosent mens arbeidskraftkostnadene var uendra i same periode.

Materialkostnadene for elektrikararbeid steig mest den siste månaden, med 0,9 prosent for einebustader og 1,0 prosent for bustadblokker. Dei andre materialkostnadene auka opp til 0,3 prosent i same periode.

Frå juli i fjor til juli i år steig byggjekostnadene for bustader med 3,2 prosent. Materialkostnadene auka med 2,4 prosent, og arbeidskraftskostnadene steig med 4,6 prosent i same periode.

Byggjekostnadsindeks for bustader. Januar 2000=100
  Juli 2002 Endring i prosent
     Juni-juli 2002    Juli 2001-juli 2002
Bustader i alt1  110,2 0,2 3,2
Bustader i alt, arbeidskraft  111,9 0,0 4,6
Bustader i alt, materialar  109,4 0,3 2,4
       
Einebustader av tre  110,1 0,2 3,2
Einebustader av tre, materialar         109,2 0,3 2,2
       
Bustadblokker  110,5 0,1 3,4
Bustadblokker, materialar  110,4 0,3 3,0
1  Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustader av tre og
bustadblokker.