11907_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/bkibol/arkiv
11907
Byggjekostnadene opp 0,5 prosent
statistikk
2002-04-09T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Bygg, bolig og eiendom
no
bkibol, Byggekostnadsindeks for bustader, byggekostnadsindeks, byggjekostnadar, arbeidskraftkostnader, materialkostnader, einebustader, bustadblokker, arbeidstype, elektrikararbeid, røyrleggjararbeid, grunnarbeid, materialtype, betong, armeringsstål, trelast, byggindeks, indeksreguleringByggekostnadsindekser , Bolig og boforhold, Bygg og anlegg, Bygg, bolig og eiendom, Priser og prisindekser
false

Byggekostnadsindeks for bustadermars 2002

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Byggjekostnadene opp 0,5 prosent

Byggjekostnadene for bustader steig med 0,5 prosent frå februar til mars i år. Materialkostnadene auka med 0,5 prosent i same periode.

Materialkostnadene for røyrleggjararbeid steig mest den siste månaden, med 1,2 prosent for einebustader og 1,1 prosent for bustadblokker. Dei totale røyrleggjarkostnadene auka med 0,9 prosent for både einebustader og bustadblokker i same periode.

Lønsstatistikk for 4. kvartal 2001 er teken inn i byggjekostnadsindeksen for mars og gjorde at arbeidskraftkostnadene auka med 0,5 prosent frå februar til mars.

Frå mars i fjor til mars i år steig byggjekostnadene for bustader med 3,2 prosent. Materialkostnadene auka med 2,5 prosent og arbeidskraftkostnadene steig med 4,3 prosent i same periode. Delindeksane for elektrikararbeid har stege mest det siste året, med 6,3 prosent for einebustader og 6,1 prosent for bustadblokker.

Byggjekostnadsindeks for bustader. Januar 2000=100
  Mars 2002 Endring i prosent
  Februar-mars 2002 Mars 2001-mars 2002
Bustader i alt1 109,5 0,5 3,2
Bustader i alt, arbeidskraft 111,0 0,5 4,3
Bustader i alt, materialar 108,8 0,5 2,5
       
Einebustader av tre 109,4 0,5 3,1
Einebustader av tre, materialar 108,6 0,4 2,4
       
Bustadblokker 109,9 0,4 3,7
Bustadblokker, materialar 109,8 0,5 3,5
1  Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustader av tre og
bustadblokker.