11915_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/bkibol/arkiv
11915
Inga endring i byggjekostnadene
statistikk
2001-12-10T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Bygg, bolig og eiendom
no
bkibol, Byggekostnadsindeks for bustader, byggekostnadsindeks, byggjekostnadar, arbeidskraftkostnader, materialkostnader, einebustader, bustadblokker, arbeidstype, elektrikararbeid, røyrleggjararbeid, grunnarbeid, materialtype, betong, armeringsstål, trelast, byggindeks, indeksreguleringByggekostnadsindekser , Bolig og boforhold, Bygg og anlegg, Bygg, bolig og eiendom, Priser og prisindekser
false

Byggekostnadsindeks for bustadernovember 2001

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Inga endring i byggjekostnadene

Byggjekostnadene for bustader viste inga endring frå oktober til november i år. Materialkostnadene auka med 0,1 prosent i same periode.

Materialkostnadene for måling, tapetsering og legging av golvbelegg har endra seg mest, med 0,5 prosent for einebustader og 0,3 prosent for bustadblokker. For dei andre materialkostnadene er det små endringar frå oktober til november i år.

Frå november i fjor til november i år steig byggjekostnadene for bustader med 4,0 prosent. Materialkostnadene auka med 3,9 prosent. Delindeksane for elektrikararbeid har stege mest det siste året, med 6,7 prosent for einebustader og 6,6 prosent for bustadblokker.

Byggjekostnadsindeks for bustader. Januar 2000=100
    Endring i prosent
  November 2001 Oktober-november 2001 November 2000-november 2001
Bustader i alt1 107,6 0,0 4,0
Bustader i alt, materialar 107,5 0,1 3,9
       
Einebustader av tre 107,6 0,0 4,0
Einebustader av tre, materialar 107,4 0,1 3,9
       
Bustadblokker 107,7 0,0 4,1
Bustadblokker, materialar 108,1 0,2 4,1
1  Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustader av tre og bustadblokker.