11919_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/bkibol/arkiv
11919
Byggjekostnadene opp 0,6 prosent
statistikk
2001-10-09T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Bygg, bolig og eiendom
no
bkibol, Byggekostnadsindeks for bustader, byggekostnadsindeks, byggjekostnadar, arbeidskraftkostnader, materialkostnader, einebustader, bustadblokker, arbeidstype, elektrikararbeid, røyrleggjararbeid, grunnarbeid, materialtype, betong, armeringsstål, trelast, byggindeks, indeksreguleringByggekostnadsindekser , Bolig og boforhold, Bygg og anlegg, Bygg, bolig og eiendom, Priser og prisindekser
false

Byggekostnadsindeks for bustaderseptember 2001

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Byggjekostnadene opp 0,6 prosent

Byggjekostnadene for bustader steig med 0,6 prosent frå august til september i år. Materialkostnadene auka med 0,3 prosent i same periode.

Lønnsstatistikken for 2. kvartal 2001 er tatt inn i byggjekostnadsindeksen for september og medverkar til at byggjekostnadene for bustader auka med 0,6 prosent frå august til september i år.

Kostnadene for grunnarbeid og røyrleggjararbeid har endra seg mest den siste månaden, med respektive 1,0 og 0,9 prosent for einebustader av tre og med 0,8 og 1,0 prosent for bustadblokker. For dei andre delindeksane er det ein auke på opp til 0,8 prosent frå august til september i år.

Frå september i fjor til september i år auka byggjekostnadene for bustader med 4,2 prosent. Materialkostnadene steig med 4,1 prosent. Kostnadene for elektrikararbeid har stege mest det siste året, med 7,6 prosent for einebustader og 7,3 prosent for bustadblokker.

Byggjekostnadsindeks for bustader. Januar 2000=100
  September 2001 Endring i prosent
  August-september 2001 September 2000-september 2001
Bustader i alt1 107,5 0,6 4,2
Bustader i alt, materialar 107,3 0,3 4,1
       
Einebustader av tre 107,4 0,6 4,1
Einebustader av tre, materialar 107,2 0,2 4,0
       
Bustadblokker 107,6 0,7 4,5
Bustadblokker, materialar 107,6 0,3 4,3
1  Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustader av tre og bustadblokker.