11937_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/bkibol/arkiv
11937
Byggjekostnadene auka med 4,6 prosent
statistikk
2001-01-18T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Bygg, bolig og eiendom
no
bkibol, Byggekostnadsindeks for bustader, byggekostnadsindeks, byggjekostnadar, arbeidskraftkostnader, materialkostnader, einebustader, bustadblokker, arbeidstype, elektrikararbeid, røyrleggjararbeid, grunnarbeid, materialtype, betong, armeringsstål, trelast, byggindeks, indeksreguleringByggekostnadsindekser , Bolig og boforhold, Bygg og anlegg, Bygg, bolig og eiendom, Priser og prisindekser
false

Byggekostnadsindeks for bustaderdesember 2000

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Byggjekostnadene auka med 4,6 prosent

Byggjekostnadene for bustader steig med 4,6 prosent frå desember 1999 til desember 2000. Materialkostnadene steig med 4,0 prosent i same periode. Kostnadene til elektrikarar og røyrleggjarar auka mest.

Under det siste året auka delindeksen for elektrikararbeid med 7,9 prosent for einebustader og 7,3 prosent for bustadblokker. Delindeksen for røyrleggjararbeid steig med respektive 7,4 og 6,9 prosent for einebustader og bustadblokker. Dei andre delindeksane auka med mellom 3,7 og 4,6 prosent i same periode.

Lønsstatistikk for 3. kvartal 2000 blei tatt inn i byggjekostnadsindeksen for desember og medverka til at byggjekostnadene for bustader auka med 0,8 prosent frå november til desember i fjor. Materialkostnadene for bustader auka med 0,1 prosent i same periode.

Byggjekostnadsindeks for bustader. Januar 2000=100
  Desember 2000 Endring i prosent
  November-
desember 2000
Desember 1999-
desember 2000
Bustader i alt1 104,3 0,8 4,6
Bustader i alt, materialar                      103,6 0,1 4,0
       
Einebustader av tre 104,3 0,8 4,6
Einebustader av tre, materialar 103,5 0,1 3,9
       
Bustadblokker 104,4 0,9 4,6
Bustadblokker, materialar 103,9 0,2 4,3
1  Byggjekostnadsindeks for bustader i alt er ein vege indeks av einebustader av tre og bustadblokker.