11961_not-searchable
/priser-og-prisindekser/statistikker/bkibol/arkiv
11961
Byggjekostnadene opp 2,8 prosent i 1999
statistikk
2000-01-28T10:00:00.000Z
Priser og prisindekser;Bygg, bolig og eiendom
no
bkibol, Byggekostnadsindeks for bustader, byggekostnadsindeks, byggjekostnadar, arbeidskraftkostnader, materialkostnader, einebustader, bustadblokker, arbeidstype, elektrikararbeid, røyrleggjararbeid, grunnarbeid, materialtype, betong, armeringsstål, trelast, byggindeks, indeksreguleringByggekostnadsindekser , Bolig og boforhold, Bygg og anlegg, Bygg, bolig og eiendom, Priser og prisindekser
false

Byggekostnadsindeks for bustaderdesember 1999

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Byggjekostnadene opp 2,8 prosent i 1999

Frå desember 1998 til desember 1999 auka byggjekostnadene for bustader med 2,8 prosent. Materialkostnadene steig med 2,3 prosent i same periode. Kostnadene til elektrikarar og røyrleggjarar steig mest i 1999.

Forskjellen mellom kostnadene for dei tre bustadtypane einebustad, rekkjehus og bustadblokk, var små.

Gjennom 1999 auka delindeksen for elektrikararbeid med 6,1 prosent og delindeksen for røyrleggjararbeid med 4,7 prosent. Dette er vesentleg meir enn for dei andre delindeksane, som har auka med mellom 2 og 3 prosent. Med unnatak for elektrikararbeid har lønskostnadene auka meir enn materialkostnadene i 1999.

Frå november til desember 1999 steig alle delindeksane, med unnatak for elektrikararbeid, med om lag 1 prosent. Orsaka er i hovudsak at lønstal frå 3. kvartal 1999 er teke inn i indeksen. Delindeks for røyrleggjararbeid har den største auken i perioden november til desember 1999 med om lag 1,5 prosent.

Byggjekostnadsindeks for bustader. 1978 =100
  Endring i prosent
  Desember 1999 November 1999-
desember 1999
Desember 1998-
desember 1999
Byggjekostnader, totalt 271,8 1,0 2,8
       
Materialkostnader, totalt 278,2 0,2 2,3
       
Einebustader av tre      
Total 269,3 0,9 2,8
Materialar 274,2 0,2 2,2
       
Rekkjehus av tre      
Total 275,9 1,0 2,8
Materialar 284,2 0,2 2,4
       
Bustadblokker      
Total 276,4 1,0 2,9
Materialar 287,1 0,2 2,5