90587_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/maaned
90587
Auke i skattane
statistikk
2012-12-20T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapnovember 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke i skattane

Samla skatteinnbetalingar var ved utgangen av november på 808,7 milliardar kroner. Dette er 7,3 prosent meir enn på same tid i fjor.

Dei totale skatteinnbetalingane hadde ved utgangen av november i år overstige dei totale skatteinnbetalingane for heile 2011. Med skatteinnbetalingar på 112,5 milliardar kroner blei november månaden med dei største skatteinnbetalingane hittil i 2012. Blant dei personlege skattytarane, dei som betaler forskottsskatt eller er undergitt forskottstrekk, var det betalt inn 542,5 milliardar kroner i skatt innan utgangen av november. Dette er ein auke på 7,4 prosent, eller 37,1 milliardar kroner, samanlikna med november i fjor. Dei største enkeltbidraga er medlemspremiar til folketrygda og fellesskatt til staten. Utbetalingane til desse veks høvesvis 5,5 og 9,3 prosent.

Meir frå etterskottsordninga

Dei totale skatteinnbetalingane frå etterskottsordninga veks med 7,1 prosent for perioden vi ser på. Desse utgjer no 265,7 milliardar kroner innan utgangen av november. Om vi utelèt innbetalingane frå oljeutvinning, blir dei samla innbetalingane 74,1 milliardar kroner. Desse var 8,2 prosent lågare enn i fjor, som følgje av nedgong i innbetalingar av formues- og inntektsskatt til staten samt fellesskatt til staten. Dette kjem i hovudsak av lågare innbetalingar av restskatt frå upersonlege skattytarar.

I same periode har det har det vore 26 prosent auke, eller 0,6 milliardar kroner, i innbetalingane frå skatt på utbytte til utanlandske aksjonærar. Den totale summen var om lag 2,7 milliardar kroner ved utgangen av november.

Større inntekter til kommunane

Det meste av kommunenes skatteinntekter kjem i frå formues- og inntektsskatt frå personlege skattytarar. Skatteinntekter til kommuneforvaltninga auka med 7,8 prosent frå same periode i fjor og var ved utgongen av november 144,1 milliardar kroner. Av dette var 118,8 milliardar formues- og inntektsskatt til kommunane, medan 25,3 milliardar var til fylkesskatt. Desse veks med 7,6 prosent og 9 prosent høvesvis.

Liten auke i inntektskatt til staten

Staten har motteke 229,4 milliardar kroner i form av fellesskatt og formues- og inntektsskatt. Fellesskatt veks mest med 3,4 prosent, eller 6,5 milliardar kroner samanlikna med november i fjor. Formues- og inntektsskatten til staten auka berre med 1,6 prosent, knapt 0,5 milliardar kroner, i same periode.

Meir til folketrygda

Folketrygda hadde ved utgangen av november motteke 240,9 milliardar kroner. Dette er 12,6 milliardar kroner meir enn same periode i fjor. Av desse var 138,4 milliardar betalt som arbeidsgjevaravgift og 102,5 milliardar kroner kom inn i form av medlemsavgift til folketrygda. Samla inntekter til folketrygda har dermed auka med 5,5 prosent i same periode.

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-november frå 2010 til 2011 og frå 2011 til 2012

Nedgang i skatteinnbetalingane i Oslo

Medan skatteinnbetalingane til dei resterande fylka har auka mellom 4,4 prosent og 12,8 prosent, har det vore ein nedgang i Oslo på 2 prosent samanlikna med november i fjor. Årsaka er ein nedgang i inntekts- og formuesskatt til staten samt mindre fellesskatt til staten på til saman 10,6 prosent. Forklaringa er at Oslo i tillegg til lågare innbetalingar av restskatt frå upersonlege skattytarar, hadde ei auke i opne krav knytte til restskatt i 2011.

Kommunesamanslåing

Kommunane Mosvik og Inderøy har blitt slege saman, og blitt til Inderøy kommune. I tabell 3 vil endring i prosent samanlikna med åra før vere basert på ei summering av kommunane.

Tabeller: