90585_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/maaned
90585
Auke i oljeskattane
statistikk
2012-11-20T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapoktober 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke i oljeskattane

Ved utgangen av oktober var det betalt inn 696,2 milliardar kroner i skatt i Noreg, ein auke på 8,6 prosent frå same tid i fjor. Totalt har skatteinnbetalingane frå oljeutvinning auka med 14,2 prosent, 23,8 milliardar meir enn oktober i fjor.

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-oktober frå 2010 til 2011 og frå 2011 til 2012

Ved utgangen av oktober 2012 hadde det kome inn om lag 191,1 milliardar kroner i oljeskattar. Av desse kom 119,1 milliardar frå særskatt på oljeutvinning, medan 71,9 milliardar kroner kom frå ordinær oljeskatt. Særskatt på oljeutvinning og ordinær oljeskatt voks med høvesvis 14,7 prosent og 13,5 prosent frå januar til oktober jamført med i fjor. Berre i oktober blei det betalt inn 41 milliardar kroner i skatt frå oljeutvinning. Staten har motteke 160,1 milliardar kroner i form av fellesskatt, 3 prosent meir enn oktober i fjor. Saman med oljeskattane utgjer fellesskatt til staten over 50 prosent av dei totale innbetalingane hittil i år.

Blant dei personlege skattytarane var det betalt inn 445,8 milliardar kroner i skatt ved utgangen av oktober. Dette er ein auke på 7,7 prosent, eller 31,7 milliardar kroner, samanlikna med oktober i fjor. Av dei 445,8 milliardane blei 85,1 milliardar kroner betalt som medlemsavgift til folketrygda og 116 milliardar kom inn i form av arbeidsgjevaravgift. Samla inntekter til folketrygda har dermed auka med 6,9 prosent hittil i år.

Kommunesamanslåing

Kommunane Mosvik og Inderøy har blitt slege saman, og blitt til Inderøy kommune. I tabell 3 vil endring i prosent samanlikna med åra før vere basert på ei summering av kommunane.

Tabeller: