66153_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/maaned
66153
Auke i skatteinnbetalingar
statistikk
2012-03-19T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapfebruar 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke i skatteinnbetalingar

Hittil i år er det betalt inn 141,5 milliardar kroner i skatt i Noreg. Dette er ein auke på 10 prosent, eller 12,9 milliardar kroner, frå i fjor. Ein stor del av auken kjem ifrå oljeskattane.

Ved utgangen av februar i år har det kome inn 36,7 milliardar kroner i oljeskattar. Dette er 7,9 milliardar kroner, eller 27,6 prosent, meir enn i den same perioden i fjor.

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-februar frå 2010 til 2011 og frå 2011 til 2012

Ei anna kjelde til auken i skatteinnbetalingane i februar var skatt frå personlege skattytarar og arbeidsgjevaravgifta. Det blei betalt inn 75,9 milliardar frå denne gruppa. Jamført med i fjor er dette ein auke på 4,3 milliardar eller 6 prosent. Mykje av denne auken kjem frå ein vekst i folketrygda på 1,3 milliardar, eller 10,4 prosent, til 13,5 milliardar kroner.

Fram til utgangen av februar har kommuneforvaltninga motteke 18,4 milliarder kroner. Dette er ein nedgang på 4,7 prosent, eller 916 millionar kroner, mot den same perioden i fjor. Samstundes har statsforvaltninga motteke 47,8 milliardar, som er om lag 3 milliardar kroner, eller 6,6 prosent, meir enn i fjor. Årsaka er endring i inntektssystemet.

Kommunesamanslåing

Kommunane Mosvik og Inderøy har slått seg saman, og blitt til Inderøy kommune. I tabell 3 vil endring i prosent i forhold til åra før vere basert på ei summering av kommunane.

Endring i inntektssystemet gir låg kommuneskatt

Frå mars 2011 har vi sett at veksten i kommuneskatt er svært låg og at fellesskatt til staten har hatt ein relativt stor auke. Årsaka er ei regelendring som gjeld frå inntektsåret 2011. Endringa inneber at skattøyra til kommunane er senka og at satsen for fellesskatt til staten er auka. Kommunane får no inn mindre i skatt og meir i rammetilskot frå staten.

Tabeller: