66151_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/maaned
66151
Auke i skatteinnbetalingar i januar
statistikk
2012-02-17T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapjanuar 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke i skatteinnbetalingar i januar

I januar 2012 blei det betalt inn 73,9 milliardar kroner i skatt. Det er om lag 3 milliardar kroner, eller 4,2 prosent, meir enn i januar i fjor.

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring. Januar 2010-2011 og 2011-2012

Kommuneforvaltninga mottok 17,2 milliardar kroner i skatteinnbetalingar i januar 2012. Det er ein nedgang på 5,7 prosent, eller om lag 1 milliardar kroner, frå i fjor. Statsforvaltninga mottok 19 milliardar kroner og har såleis hatt ein auke på 7,1 prosent, eller 1,3 milliardar kroner, jamført med januar i fjor. Årsaka er endring i inntektssystemet.

Meir betalt skatt av personlege skattytarar og arbeidsgjevaravgift enn motteke i total skatt

Av dei 73,9 milliardar kroner som blei mottekne i skatt i januar, var 74 milliardar kroner betalte av personlege skattytarar, medrekna arbeidsgjevaravgifta. Det er ein auke på 5,7 prosent eller 4 milliardar kroner frå januar i fjor. Som følgje av at oljeskatt og annan skatt frå upersonlege skattytarar utgjorde minus 192 millionar kroner, blei det betalt inn meir skatt av personelge skattytarar medrekna arbeidsgjevaravgift enn det var motteke i total skatt.

Årsaka til dei negative 192 millionar kroner var at det i juli 2011 blei ført opp for mykje på fellesskatt til staten frå upersonelge skattytarar, da innbetalingane eigentleg gjaldt skatt på utbytte frå utanlandske aksjonærar. I januar blei denne innbetalinga lagt til riktig ordning og såleis blei det ei debitering på fellesskatt til staten av upersonelge skattytarar, og ei kreditering på utbytte frå utanlandske aksjonærar. Det gjer at kategorien ”upersonlege skattytarar” blir negativ, med 267 millionar kroner. Oljeskattane var på 75 millionar kroner.

Kommunesamanslåing

Kommunane Mosvik og Inderøy har slått seg saman, og blitt til Inderøy kommune. I tabell 3 vil endring i prosent samanlikna med åra før vere basert på ei summering av kommunane.

Endring i inntektssystemet gir låg kommuneskatt

Frå mars har vi sett at veksten i kommuneskatt er svært låg, og at fellesskatt til staten har hatt ein relativt stor auke. Årsaka er ei regelendring som gjeld frå inntektsåret 2011. Endringa inneber at skattøyra til kommunane er senka, og at satsen for fellesskatt til staten er auka. Kommunane får no inn mindre i skatt og meir i rammetilskot frå staten.

Tabeller: