56448
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/maaned
56448
Sterk auke i skatteinnbetalingar
statistikk
2012-01-20T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapdesember 2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Sterk auke i skatteinnbetalingar

Det blei betalt inn 797,8 milliardar kroner i skatt i 2011. Dette er ein auke på 92,8 milliardar, eller 13,2 prosent, frå året før. Dette er knytt til auke i oljeskattar, skatteinnbetalingar til staten og innbetaling til folketrygda.

For 2011 var innbetalingane frå olje på 205,9 milliardar kroner, som er 50,3 milliardar kroner, eller 32,3 prosent, meir enn i 2010. Den største inntektsposten i desember var oljeskattane, med til saman 38,6 milliardar kroner.

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-desember frå 2009 til 2010 og frå 2010 til 2011

Høgare innbetaling av personlege skattytarar

Til saman kom det inn 510,6 milliardar kroner frå personelge skattytarar utanom olje i 2011, som er ein auke på 6,6 prosent frå 2010. Frå upersonlege skattytarar utanom olje kom det inn 80,7 milliardar kroner, mot 71,2 milliardar kroner i 2010. Det er ein auke på 9,5 milliardar kroner eller 13,4 prosent.

Kraftig auke i ordinær skatt frå upersonlege skattytarar

Ordinær skatt til staten frå upersonlege skattytarar har hatt ein stor auke i 2011. Staten fekk inn 6,9 milliardar kroner i 2011, mot 1,6 milliardar kroner året før. Av dette kom mesteparten inn i november. Dette var på grunn av innbetalingar av restskatt.

27,8 milliardar meir til staten

I 2011 har det vore ein auke i innbetalingar til staten. Det er på grunn av at satsen på fellesskatten har auka, men òg fordi det har vore ein generell auke på fellesskatt og ordinærskatt til staten. Til saman i 2011 har innbetalingane vore på 224,2 milliardar kroner, som er ein auke på 14,1 prosent. Kommuneforvaltninga fekk til saman innbetalt 135,5 milliardar kroner, som er ein nedgang på 2,7 milliardar kroner eller 2 prosent.

Høgare samla innbetalingar til folketrygda

I fjor hadde folketrygda samla motteke 229,9 milliardar kroner. Det gir ein stor auke frå året før. Auken var på 16,9 milliardar kroner, eller 7,9 prosent.

Endring i inntektssystemet gir låg kommuneskatt

Frå mars 2011 har vi sett at veksten i kommuneskatt er svært låg, og at fellesskatt til staten har hatt ein relativt stor auke. Dette kjem av ei regelendring som gjeld frå inntektsåret 2011. Endringa inneber at skattøyra til kommunane er senka, og at satsen for fellesskatt til staten er auka. Kommunane får no inn mindre i skatt og meir i rammetilskot frå staten.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB