54535_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/maaned
54535
Auke i samla skatteinnbetalingar
statistikk
2011-12-16T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapnovember 2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke i samla skatteinnbetalingar

Det var betalt inn til saman 753,8 milliardar kroner i skatt i Noreg ved utgangen av november. Det er 83,9 milliardar kroner, eller 12,5 prosent, meir enn i same periode i fjor.

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-november frå 2009 til 2010 og frå 2010 til 2011

Arbeidsgjevaravgift og personlege skattytarar er den største innbetalingskjelda i november. Til no i år har det kome inn 505,4 milliardar kroner, som er ein auke på 6,6 prosent frå i fjor. I november har det også kome inn 21,1 milliardar kroner i skatt frå upersonlege skattytarar. Det har ikkje kome inn oljeskattar denne månaden. Utanom oljeskattane er dei samla innbetalingane frå upersonlege skatteytarar på 80,7 milliardar kroner til no i år, som gjev ei auke på 15 prosent frå 2010.

Hittil i år har kommuneforvaltninga teke imot 133,7 milliardar kroner i skatt. Av dette var 23,2 milliardar fylkesskatt og 110,4 milliardar skatt til kommunane. Dette gjev ein nedgang på 2,7 milliardar kroner, eller 2 prosent i forhold til 2010.

7,9 prosent meir til folketrygda

Folketrygda har fram til november i år teke imot 228,3 milliardar kroner. Dette er ein auke på 7,9 prosent frå den tilsvarande perioden i fjor. Av dette bestod arbeidsgjevaravgifta av 129,6 milliardar kroner, mens medlemsavgifta bestod av 98,7 milliardar kroner.

Ordinær skatt til staten frå upersonlege skattytarar har hatt ein stor auke i november i år. Årsaka til dette er innbetalingar av restskatt.

Endring i inntektssystemet gir låg kommuneskatt

Frå mars har vi sett at veksten i kommuneskatt er svært låg, og at fellesskatt til staten har hatt ein relativt stor auke. Dette kjem av ei regelendring som gjeld frå inntektsåret 2011. Endringa inneber at skattøyra til kommunane er senka, og at satsen for fellesskatt til staten er auka. Kommunane får no inn mindre i skatt og meir i rammetilskot frå staten.

Tabeller: