54515
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/maaned
54515
Stor auke i oljeskattane
statistikk
2011-11-18T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapjanuar 2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Stor auke i oljeskattane

Hittil i år er det betalt inn 641,3 milliardar kroner i skatt i Noreg. 167,3 milliardar kroner er betalt inn som skatt på oljeutvinning.

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-oktober frå 2009 til 2010 og frå 2010 til 2011

Av dei 167,3 milliardar kronene som er betalt inn som skatt på petroleumsutvinning, er 63,4 milliardar betalt inn som ordinær oljeskatt og 103,9 milliardar betalt inn som særskatt. Dette gir ein auke på høvesvis 31,4 og 32,6 prosent frå same periode i fjor. Den samla inntekta frå oljeskattar er også høgare enn ho var på same tidspunkt i 2009, men framleis noko lågare enn i 2008.

Svak nedgang i betalingar til kommunane

Til no i år er 109,3 milliardar betalt inn i skatt til kommuneforvaltninga. 19,1 milliardar kroner er betalt inn i fylkesskatt, medan 90,2 milliardar kroner er betalt inn i inntekts- og formuesskatt til kommunane. Den samla innbetalinga til kommuneforvaltninga er 1,4 milliardar kroner, eller 1,3 prosent, lågare enn ho var i den same perioden i 2010.

Meir til foketrygda

Folketrygda har motteke 188,3 milliardar kroner i skatt hittil i år. Dette er 8 prosent meir enn i tilsvarande periode i fjor. Av denne summen var 79,4 milliardar kroner medlemspremiar og 108,9 milliardar kroner var arbeidsgjevaravgift.

Endring i inntektssystemet gir låg kommuneskatt

Frå mars har vi sett at veksten i kommuneskatt er svært låg og at fellesskatt til staten har hatt ein relativt stor auke. Dette kjem av ei regelendring som gjeld frå inntektsåret 2011. Endringa inneber at skattøyren til kommunane er senka og at satsen for fellesskatt til staten er auka. Kommunane får no inn mindre i skatt og meir i rammetilskot frå staten.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB