54521
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/maaned
54521
Auka skatteinnbetalingar i september
statistikk
2011-10-20T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapseptember 2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka skatteinnbetalingar i september

Det blei betalt inn 608 milliardar kroner i skatt i Noreg frå januar til september i år. Dette er 10,3 prosent meir enn i tilsvarande periode i 2010.

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-september frå 2009 til 2010 og frå 2010 til 2011

Innbetalingar frå personlege skatteytarar og arbeidsgjevaravgift stod for det meste av innbetalingane i september. Her har det kome inn til saman 412,8 milliardar kroner til no i år. Dette er 6,4 prosent meir enn i tilsvarande periode i fjor.

Nedgang i innbetalingar til kommuneforvaltninga

Kommuneforvaltninga har motteke til saman 109,3 milliardar kroner i skatt frå januar til september i år. Dette er ein nedgang på 1,5 prosent frå 2010. 19,1 milliardar kroner er betalt inn som fylkesskatt og 90,2 milliardar kroner er betalt inn som kommuneskatt.

187,8 milliardar til folketrygda

Innbetalingane til folketrygda er på 187,8 milliardar kroner til no i år. Av dette er 79,3 milliardar kroner medlemsavgift og 108,5 milliardar kroner arbeidsgjevaravgift. Totalsummen for folketrygda er 13,7 milliardar høgare enn han var i tilsvarande periode i 2010.

Endring i inntektssystemet gir låg kommuneskatt

Frå mars har vi sett at veksten i kommuneskatt er svært låg og at fellesskatt til staten har hatt ein relativt stor auke. Dette kjem av ei regelendring som gjeld frå inntektsåret 2011. Endringa inneber at skattøyra til kommunane er senka og at satsen for fellesskatt til staten er auka. Kommunane får no inn mindre i skatt og meir i rammetilskot frå staten.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB