54525
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/maaned
54525
Auke i oljeskattane
statistikk
2011-09-20T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapaugust 2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke i oljeskattane

Det var betalt inn 520,8 milliardar kroner i skatt i Noreg ved utgangen av august i år. Dette er 49,4 milliardar kroner, eller 10,5 prosent, meir enn ved utgangen av august i fjor.

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-august. 2009-2010 og 2010-2011

Det blei betalt inn totalt 44 milliardar kroner i skatt i august 2011. Oljeskatt utgjorde 39,7 milliardar kroner av denne summen. Til no i år er det betalt inn til saman 126,8 milliardar kroner i ordinær oljeskatt og særskatt på oljeutvinning. Dette er 29,9 milliardar kroner, eller 30,8 prosent, meir enn det blei betalt inn i dei åtte første månadene i fjor.

Frå januar til august i år er det betalt inn 86,5 milliardar kroner i skatt til kommuneforvaltninga. Dette gir ein nedgang på 1 prosent frå tilsvarande periode i 2010. 15 milliardar kroner er betalt som fylkesskatt og 71,5 milliardar kroner som kommuneskatt.

Arbeidsgjevaravgift og medlemspremiar til folketrygda er på høvesvis 88,6 milliardar kroner og 62 milliardar kroner. Statsforvaltninga har teke imot til saman 154,9 milliardar kroner i skatt frå januar til august 2011. Av dette har 139,9 milliardar kroner kome inn som fellesskatt og 15 milliardar kroner har kome inn som ordinær skatt.

Endring i inntektssystemet gir låg kommuneskatt

Frå mars har vi sett at veksten i kommuneskatt er svært låg, og at fellesskatt til staten har hatt ei relativt stor auke. Dette kjem av ei regelendring som gjeld frå inntektsåret 2011. Endringa inneber at skattøyra til kommunane er senka, og at satsen for fellesskatt til staten er auka. Kommunane får no inn mindre i skatt og meir i rammetilskot frå staten.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB