54527_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/maaned
54527
Meir innbetalt skatt
statistikk
2011-08-18T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapjuli 2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Meir innbetalt skatt

Til no i år er det betalt inn 476,8 milliardar kroner i skatt i Noreg. Dette er 8,6 prosent meir enn på same tid i fjor.

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-juli frå 2009 til 2010 og frå 2010 til 2011

Arbeidsgjevaravgift og innbetalingar frå personlege skatteytarar utgjorde 67,8 milliardar kroner i juli, og står dermed for det meste av dei samla innbetalingane. Summen for dei sju første månadene i 2011 er på 323,2 milliardar kroner. Dette er 17,7 milliardar kroner, eller 5,8 prosent, meir enn i tilsvarande periode i 2010.

Auka innbetalingar til folketrygda

Folketrygda har til no i år motteke 149,2 milliardar kroner. Dette gir ein auke på 10,3 milliardar kroner frå den tilsvarande perioden i fjor. 88 milliardar kroner er betalt inn som arbeidsgjevaravgift og 61,2 milliardar kroner er betalt inn som medlemsavgift til folketrygda.

85,3 milliardar kroner er betalt inn som skatt til kommuneforvaltninga frå januar til juli i år. Av dette er 14,8 milliardar kroner betalt som fylkesskatt og 70,5 milliardar kroner er betalt som kommuneskatt.

Endring i inntektssystemet gir låg kommuneskatt

Frå mars har vi sett at veksten i kommuneskatt er svært låg og at fellesskatt til staten har hatt ein relativt stor auke. Dette kjem av ei regelendring som gjeld frå inntektsåret 2011. Endringa inneber at skattøyra til kommunane er senka og at satsen for fellesskatt til staten er auka. Kommunane får no inn mindre i skatt og meir i rammetilskot frå staten.

Tabeller: