54529
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/maaned
54529
Auke i samla skatteinnbetalingar
statistikk
2011-07-15T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapjuni 2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke i samla skatteinnbetalingar

Det var betalt inn 408,8 milliardar kroner i skatt i Noreg ved utgangen av juni. Dette er 35,5 milliardar kroner, eller 9,5 prosent, meir enn det var betalt inn ved utgangen av juni i fjor.

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-juni frå 2009 til 2010 og frå 2010 til 2011

Oljeskattane sto for den største delen av innbetalingane i juni, med 28,8 milliardar kroner. Til no i år er dei samla oljeskattane på 87,4 milliardar kroner. 33,1 milliardar kroner er betalt inn som ordinær oljeskatt, og dei resterande 54, 3 milliardane er betalt som særskatt på petroleumsutvinning.

Kommuneforvaltninga mottok små beløp i juni, og dei samla innbetalingane i 2011 er no på 70,2 milliardar kroner. 12,1 milliardar kroner er betalt inn til fylkeskommunane, og 58,1 milliardar er betalt til kommunane.

Innbetalingane til folketrygda var heller ikkje store i juni. Til no i år er 64,8 milliardar kroner betalt inn som arbeidsgjevaravgift, og 49,6 milliardar kroner er betalt som medlemspremiar.

Endring i inntektssystemet gir låg kommuneskatt

Frå mars har vi sett at veksten i kommuneskatt er svært låg, og at fellesskatt til staten har hatt ein relativt stor auke. Dette kjem av ei regelendring som gjeld frå inntektsåret 2011. Endringa inneber at skattøyra til kommunane er senka, og at satsen for fellesskatt til staten er auka. Kommunane får no inn mindre i skatt og meir i rammetilskot frå staten.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB