54531
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/maaned
54531
Auka skatteinnbetalingar i mai [Retta 20.06.2011]
statistikk
2011-06-20T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapmai 2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka skatteinnbetalingar i mai [Retta 20.06.2011]

Det blei betalt inn over 106,4 milliardar kroner i skatt i mai 2011. Hittil i år er dei samla betalingane oppe i 376,5 milliardar kroner. Dette er 8,1 prosent meir enn i tilsvarande periode i 2010.

Tala i artikkelen blei retta 20.06.2011 kl. 15.20.

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-mai frå 2009 til 2010 og frå 2010 til 2011

Skatt frå personlege skattytarar og arbeidsgjevaravgift utgjorde det meste av innbetalingane i mai, med til saman 96 milliardar kroner. Den høge summen kan forklarast med at tilleggsforskot, som har frist 31. mai, blei innbetalt denne månaden. Samla innbetalingar i dei fem første månadene i 2011 er på 252,2 milliardar kroner.

I mai blei det også betalt inn om lag 10,5 milliardar kroner frå upersonlege skatteytarar. Det meste av denne summen har kome inn som fellesskatt til staten. I løpet av dei fem første månadene i år er 65,3 milliardar kroner betalt inn frå upersonlege skatteytarar utanom oljeskattene.

69,2 milliardar kroner har så langt i år blitt betalt i skatt til kommuneforvaltninga. Dette er 0,2 prosent meir enn i tilsvarande periode i 2010. Av denne summen er 57,3 milliardar kroner betalt i formue- eller inntektsskatt til kommunane og 12 milliardar kroner er betalt i fylkesskatt.

Folketrygda har motteke 113,3 milliardar kroner frå januar til mai i år. Dette er 8,1 milliardar kroner meir enn i tilsvarande periode i 2010. Arbeidsgjevaravgifta står for den største delen av denne summen med 64,4 milliardar kroner. Dei resterande 48,9 milliardane er betalt som medlemsavgift til folketrygda.

Endring i inntektssystemet gir låg kommuneskatt

Frå mars har vi sett at veksten i kommuneskatt er svært låg, og at fellesskatt til staten har hatt ein relativt stor auke. Dette kjem av ei regelendring som gjeld frå inntektsåret 2011. Endringa inneber at skattøyra til kommunane er senka, og at satsen for fellesskatt til staten er auka. Kommunane får no inn mindre i skatt og meir i rammetilskot frå staten.

I mars og april 2011 blei det registrert for høge tall for ordinær skatt på petroleumsutvinning. Desse tala er no retta i tabellane som blei publisert 15. april 2011 og 20. mai 2011.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB