54523
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/maaned
54523
Auke i samla skatteinnbetalingar
statistikk
2011-05-20T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapapril 2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke i samla skatteinnbetalingar

Samla skatteinnbetalingar ved utgangen av april var på 269,9 milliardar1 kroner. Dette er 13,6 prosent meir enn på same tid i fjor. Innbetalingane er no nesten på same nivå som i 2009.

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-april frå 2009 til 2010 og frå 2010 til 2011

Oljeskattar og skatt frå upersonlege skatteytarar stod for det meste av innbetalingane i april. Samla oljeskattar for dei fire første månadene i år er på 58,6 milliardar1 kroner. Dette er 28,6 prosent1 meir enn for tilsvarande periode i 2010. Samla skatteinnbetalingar frå upersonlege skatteytarar utanom oljeskattane er no på 54,8 milliardar kroner. Det meste av dette er fellesskatt til staten.

I april kom det inn små beløp som arbeidsgjevaravgift og skatt frå personlege skatteytarar. Totalt er det innbetalt 43,4 milliardar kroner i arbeidsgjevaravgift frå januar til april i år. Dette er 5,8 prosent meir enn det var betalt inn ved utgangen av april 2010. Medrekna arbeidsgjevaravgifta har det kome inn 156,2 milliardar kroner i skatt frå personlege skatteytarar hittil i år.

Endring i inntektssystemet gir låg kommuneskatt

Frå mars har vi sett at veksten i kommuneskatt er svært låg og at fellesskatt til staten har hatt ein relativt stor auke. Dette kjem av ei regelendring som gjeld frå inntektsåret 2011. Endringa inneber at skattøyra til kommunane er senka og at satsen for fellesskatt til staten er auka. Kommunane får no inn mindre i skatt og meir i rammetilskot frå staten.

1  Tallet ble rettet 14. juni 2011

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB