54533_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/maaned
54533
Høgare skatteinnbetalingar i mars
statistikk
2011-04-15T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapmars 2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Høgare skatteinnbetalingar i mars

Det blei betalt inn 212 milliardar kroner i skatt i perioden januar-mars 2011. Dette er 12 prosent1 meir enn det blei betalt i dei tre første månadene i fjor.

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-mars frå 2009 til 2010 og frå 2010 til 2011

Ein stor del av skattane betalt i mars var arbeidsgjevaravgift og skatt frå personlege skatteytarar. Her har det kome inn 154,2 milliardar kroner ved utgangen av mars i år. Dette er 9,4 milliardar kroner, eller 6,5 prosent, meir enn i tilsvarande periode i fjor. Kommuneforvaltninga har fått inn 41,2 milliardar kroner i skatt, og folketrygda har motteke totalt 71,9 milliardar kroner i perioden.

Samla innbetalingar til statsforvaltninga var på 69,4 milliardar kroner ved utgangen av mars. Dette er 9,6 milliardar meir enn det som var betalt ved utgangen av mars 2010.

Endring i inntektssystemet gir låg kommuneskatt

I mars ser vi ein stor auke i fellesskatt til staten og ein liten nedgang i kommuneskatten. Dette kjem av ei regelendring som gjeld frå inntektsåret 2011. Endringa inneber at skattøyra til kommunane er senka, og at satsen for fellesskatt til staten er auka. Kommunane får no inn mindre i skatt og meir i rammetilskot frå staten.

1  Tallet ble rettet 14.06.2011

Tabeller: