54519_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/maaned
54519
Auke i olje- og andre næringslivsskattar
statistikk
2011-03-18T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapfebruar 2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke i olje- og andre næringslivsskattar

Det var betalt inn 128,6 milliardar kroner i skatt i Noreg ved utgangen av februar. Dette er 16,2 milliardar kroner, eller 14,4 prosent, meir enn ved utgangen av februar i 2010. Større innbetaling av oljeskattar står for mykje av auken.

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-februar frå 2009 til 2010 og frå 2010 til 2011

Skatt på petroleumsutvinning utgjer ein stor del av skattane som blir betalte i februar. Samla oljeskattar i dei to første månadene i 2011 var på 28,8 milliardar kroner. Dette er 7,5 milliardar kroner, eller 35,3 prosent, meir enn i tilsvarande periode i 2010.

Upersonlege skatteytarar betalte meir til staten

Ein annan stor del av februarskatten var fellesskatt til staten betalt av upersonlege skattytarar. Ved utgangen av februar var det her betalt inn 26,2 milliardar kroner. Dette er 14,5 prosent meir enn ved utgangen av februar 2010.

Små beløp til kommuneforvaltninga og folketrygda

Kommuneforvaltninga og folketrygda mottok små beløp i februar, med høvesvis 1,1 og 0,8 milliardar kroner. Samla summar for dei to første månadene i år er no på høvesvis 19,4 og 35,4 milliardar kroner.

Det er gjort nokre endringar i inntektssystemet for kommunane, og desse gjeld frå inntektsåret 2011. Endringane inneber økt rammetilskot frå staten, men lågare skattøyre for kommunen. Desse endringane synest enno ikkje i skatterekneskapsstatistikken, av di det er forskotstrekk for november og desember 2010 som blei betalt i januar og februar. Første månad med betaling av forskotstrekk på inntekter frå 2011 er i mars.

Tabeller: