54517_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/maaned
54517
Auka skatteinnbetalingar i januar
statistikk
2011-02-18T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapjanuar 2011

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka skatteinnbetalingar i januar

Det blei betalt inn om lag 71 milliardar kroner i skatt i januar 2011. Det er 5,5 milliardar kroner, eller 8,4 prosent, meir enn i januar i fjor. Beløpet er også større enn i januar 2008 og 2009.

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar frå 2009 til 2010 og frå 2010 til 2011

Størstedelen av skatteinnbetalinga kom frå personlege skattytarar medrekna arbeidsgjevaravgift. Til saman blei det her betalt inn om lag 70 milliardar kroner. Dette er ein auke på 7,3 prosent frå januar 2010. Arbeidsgjevaravgifta har hatt ein auke på 6,3 prosent, og summen for januar i år blei her i underkant av 23 milliardar kroner.

Ordinære skattar til primærkommunar og fylkeskommunar har hatt ein noko større auke, med høvesvis 8,1 og 9 prosent. Til saman blei det betalt inn 18 milliardar kroner i skatt til kommuneforvaltninga i januar i år. Fellesskatt til staten hadde den største auken, med 9,4 prosent.

Oljeskatt og anna skatt frå upersonlege skattytarar utgjorde til saman i underkant av 1 milliard kroner i januar i år. Denne summen er låg fordi det ikkje var noko hovudforfall for upersonlege skattytarar denne månaden.

Det er gjort nokre endringar i inntektssystemet for kommunane, og desse gjeld frå inntektsåret 2011. Endringane inneber auka rammetilskot frå staten, men lågare skattøyre for kommunen. Desse endringane synest enno ikkje i skatterekneskapsstatistikken, av di det er forskotstrekk for november og desember 2010 som blei betalt i januar. Første månaden med betaling av forskotstrekk på inntekter frå 2011 er mars.

Tabeller: