23528_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/maaned
23528
Skatteinntektene auka med 4,2 prosent
statistikk
2008-01-18T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapdesember 2007

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Skatteinntektene auka med 4,2 prosent

I 2007 vart det til saman betalt inn 653 milliardar kroner i skatt. Dette er ein auke på 26 milliardar, eller 4,2 prosent, samanlikna med 2006.

Skatterekneskapsstatistikken er utsett

Skatterekneskapen for både januar og februar 2008 vert publisert 26. mars. Publiseringa av januartala er utsett på grunn av forseinking i leveringa av underlagsmaterialet.


Feil i skatterekneskapsstatistikken

Feil i skattetala frå Skattedirektoratet har ført til feil i Skatterekneskapsstatistikken. Feilen gjeld fordeling av skatteinngangen mellom skattekreditorane kommune, fylkeskommune, stat og folketrygda for 56 kommunar.

Skatteinngang fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-desember frå 2005 til 2006 og frå 2006 til 2007

Samla innbetalte oljeskattar var på 186,9 milliardar i 2007, mot 211,9 milliardar i 2006. Dette er eit fall på 25 milliardar, eller 11,8 prosent. Inntektene frå både den ordinære oljeskatten og særskatten på olje gjekk ned. Om ein ser bort ifrå innbetalte oljeskattar, har skatteinntektene auka med 51,4 milliardar, eller 12,4 prosent, samanlikna med 2006.

Det vart innbetalt totalt 178,2 milliardar til folketrygda i 2007. Av dette er 74,6 milliardar medlemspremie i folketrygda, medan 103,6 er arbeidsgjevaravgift. Samanlikna med 2006 er det ein auke i samla innbetalingar til folketrygda på 14 milliardar, eller 8,6 prosent.

Til kommuneforvaltninga vart det innbetalt 116,5 milliardar i 2007. Dette er ein auke på 1,6 milliardar, eller 1,4 prosent. Skatteinntektene til statsforvaltninga var på 169,7 milliardar, ein auke på 35,9 milliardar, eller 26,9 prosent. Auken kjem hovudsakleg av høgare innbetalt fellesskatt til staten.

Skatteinngangen fordelt på fylke syner at alle fylka har hatt ein auke i innbetalte skattar samanlikna med 2006. Oslo har hatt den kraftigaste auken, med over 17 milliardar meir innbetalt i skatt.


1 Feil i Skatterekneskapsstatistikken. Feil i skattetala frå Skattedirektoratet har ført til feil i Skatterekneskapsstatistikken. Feilen gjeld fordeling av skatteinngangen mellom skattekreditorane kommune, fylkeskommune, stat og folketrygden for 56 kommunar. 

Tabeller:

Feil i skatterekneskapsstatistikkenÅpne og lesLukk

Feil i dei oversendte skattetala frå Skattedirektoratet har ført til feil i Skatterekneskapsstatistikken. Tala for fordeling av skatteinngangen mellom skattekreditorane kommune, fylkeskommune, stat og folketrygda for 56 kommunar er berørt.

Feilen ligg hovudsakleg i oktober månad 2007, men og i februar og mars. Dette inneber at fordelinga mellom skattekreditorane ikkje er korrekt for dei involverte kommunane, og heller ikkje for fylke og totalt fordelt på skattekreditor for perioden februar til desember.

Storleiken på feila og kva for skattekreditorar som har fått for mykje eller for lite varierer mellom dei involverte kommunane. Eit hovuddrag er at kommunane og fylka har fått for mykje fordelt i skatterekneskapsstatistikken i forhold til faktisk fordelt. Feila på fylkesnivå er avhengig av storleiken av feila i tilhørande kommunar.

For totaltala for året som heilskap betyr dette at ordinær skatt til primærkommunane, ordinær skatt til fylkeskommunane og statsskattar skal vere lågare enn det som er publisert i skatterekneskapsstatistikken, medan tala for innbetaling til folketrygda skal vere høgare...

Statistisk sentralbyrå kjem ikkje til å rette dei publiserte tala da dei månadlege datafilene som ligg til grunn for publiseringa ikkje kan gjenskapast i Skattedirektoratet.

Korrigerte årstal for kvar kommune og fylkeskommune finns på Kommunal- og regionaldepartementets nettsider om løypande inntektsutjamning – skatteinngang og berekningar .

Skattetala for kommunar og fylkeskommunar vil føreligge i KOSTRA publiseringa 15. mars.

Involverte kommunar etter tidspunkt for feil og kommunenr.:

Kommunar med feil frå februar til desember:

0237 Eidsvoll
0427 Elverum
0501 Lillehammer
0538 Nordre land
0543 Vestre Slidre
0605 Ringerike
0612 Hole
0624 Øvre Eiker
0722 Nøtterøy
1101 Eigersund
1263 Lindås
1420 Sogndal
1638 Orkdal
1805 Narvik

Kommunar med feil frå mars til desember:

0105 Sarpsborg
0231 Skedsmo
0237 Eidsvoll
0427 Elverum
0501 Lillehammer
0538 Nordre land
0543 Vestre Slidre
0605 Ringerike
0612 Hole
0624 Øvre Eiker
0625 Nedre Eiker
0722 Nøtterøy
0805 Porsgrunn
0814 Bamble
1001 Kristiansand
1002 Mandal
1101 Eigersund
1201 Bergen
1263 Lindås
1420 Sogndal
1502 Molde
1504 Ålesund
1601 Trondheim
1638 Orkdal
1719 Levanger
1721 Verdal
1805 Narvik

Kommunar med feil frå oktober til desember:

0135 Råde
0213 Ski
0229 Enebakk
0230 Lørenskog
0236 Nes
0434 Engerdal
0521 Øyer
0528 Østre Toten
0940 Valle
1119 Hå
1259 Øygarden
1416 Høyanger
1421 Aurland
1422 Lærdal
1444 Hornindal
1622 Agdenes
1624 Rissa
1634 Oppdal
1635 Rennebu
1640 Røros
1657 Skaun
1663 Malvik
1717 Frosta
1836 Rødøy
1838 Gildeskål
1856 Røst
2011 Kautokeino (Guovdageaidnu)
2014 Loppa