85009_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
85009
Auke i oljeskattane
statistikk
2012-09-20T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapaugust 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke i oljeskattane

Ved utgangen av august 2012 var det betalt inn 567,8 milliardar kroner i skatt i Noreg. Dette er ein auke på 9 prosent, eller 46,9 milliardar kroner, frå same periode i fjor. Ein stor del av auken kjem frå oljeskattane, som auka med 18,3 prosent.

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-august frå 2010 til 2011 og frå 2011 til 2012

Ved utgangen av august i år hadde det kome inn om lag 150,1 milliardar kroner i oljeskattar. Av desse kom 93,4 milliardar frå særskatt på oljeutvinning, medan 56,6 milliardar kroner kom frå ordinær oljeskatt. Særskatt på oljeutvinning og ordinær oljeskatt voks med høvesvis 18,6 prosent og 17,9 prosent frå januar til august i fjor. Frå august i år var oljeskattane den største kjelda til innbetalte skattar til staten, tett etterfølgt av fellesskatt, på 143,1 milliardar kroner. Medan oljeskattane til saman auka med 18,3 prosent i denne perioden, voks fellesskatten til staten med berre 2,3 prosent.

Blant dei personlege skatteytarane var det betalt inn 350,8 milliardar kroner i skatt ved utgangen av august. Dei største kjeldene her var arbeidsgjevaravgifta og fellesskatt til staten, som utgjorde over halvparten av beløpet. Desse voks med høvesvis 6,5 prosent og 8,5 prosent frå august i fjor. Medlemspremiar til folketrygda auka moderat i august, med om lag 10,1 milliardar kroner frå juli. Premiane er på til saman 157,1 milliardar kroner i år.

Kommunesamanslåing

Kommunane Mosvik og Inderøy har blitt slege saman, og blitt til Inderøy kommune. I tabell 3 vil endring i prosent samanlikna med åra før vere basert på ei summering av kommunane.

Tabeller: