85013_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
85013
Auke i oljeskattane
statistikk
2012-07-20T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapjuni 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke i oljeskattane

Det var betalt inn 447,6 milliardar kroner i skatt i Noreg frå og med januar til utgangen av juni i år. Dette tilsvarer ein auke på 38,8 milliardar kroner, eller 9,5 prosent, frå den same perioden i fjor.

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-juni frå 2010 til 2011 og frå 2011 til 2012

Av dei samla skattane var 109,4 milliarder kroner skatt frå oljeutvinning. I det fyrste halvåret har dei samla skatteinnbetalingane frå oljeutvinning auka med 25,1 prosent frå den tilsvarande perioden i fjor. Av desse innbetalingane kjem 67,9 milliardar kroner frå særskatt på oljeutvinning, medan 41,5 milliardar kroner kjem frå ordinær oljeskatt.

Den største kjelda av innbetalte skattar var fellesskatt til staten, som låg på 126,1 milliardar kroner. Fellesskatten er delt mellom personlege skatteytarar og upersonlege skatteytarar, utanom oljeskattane, på høvesvis 66,1 og 60 milliardar kroner. Fellesskatt til staten hadde ein svak vekst på berre 1,6 prosent frå og med januar til juni 2012, samanlikna med den same perioden i fjor. Dette kan forklarast med at innbetalingane frå personlege skatteytarar har vakse med 8 prosent, samstundes så er det ein nedgang i innbetalingane frå upersonlege skatteytarar, utanom oljeskatt, på 4,6 prosent. Denne negative trenden har heldt fram sidan starten av 2012. Årsaka er ei regelendring som gjeld frå inntektsåret 2011. Endringa inneber at skattøyra til kommunane er senka og at satsen for fellesskatt til staten er auka. Kommunane får no inn mindre i skatt og meir i rammetilskot frå staten.

Andre viktige kjelder til skatteinnbetalingar er arbeidsgjevaravgifta, skatt på formue og inntekt til kommunane samt innbetalingar til folketrygda. Frå og med januar til utgangen av juni var desse innbetalingane på høvesvis 69,1 milliarder, 60,1 milliarder og 52,6 milliardar kroner. Dette er ein auke på høvesvis 6,5 prosent, 3,4 prosent og 6,2 prosent frå den tilsvarande perioden i fjor.

Kommunesamanslåing

Kommunane Mosvik og Inderøy har blitt slege saman, og blitt til Inderøy kommune. I tabell 3 vil endring i prosent samanlikna med åra før vere basert på ei summering av kommunane.

Tabeller: