85015_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
85015
Auken i skatteinnbetalingane vedvarer
statistikk
2012-06-20T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapmai 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auken i skatteinnbetalingane vedvarer

Ved utgangen av mai var det betalt inn 407,9 milliardar kroner i skatt i Noreg. Dette tilsvarer ein auke på 31,4 milliardar kroner, eller 8,3 prosent, frå same tida i fjor.

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-mai frå 2010 til 2011 og frå 2011 til 2012

Den største kjelda til innbetalte skattar var fellesskatt til staten på 125 milliardar kroner. Arbeidsgjevaravgifta, skatt på formue og inntekt frå kommunane samt innbetalingar til folketrygda var også viktige inntektskjelder den siste månaden. Ved utgangen av mai var desse summane på høvesvis 68,7 milliardar, 59,2 milliardar og 51,9 milliardar kroner. Summane har difor vakse 6,6, 3,4 og 6,2 prosent frå tilsvarande periode i fjor.

Av dei samla innbetalingane hittil i år stod personlege skattytarar for om lag 268 milliardar kroner. Dette er ein markant auke på 6,3 prosent frå same periode i fjor. Summen omfattar blant anna arbeidsgjevaravgifta og 65,1 milliardar kroner frå fellesskatt til staten. Innbetalingar frå upersonlege skattytarar utanom oljeskattane hadde ein svak vekst på berre 1,5 prosent, eller 1 milliard kroner, frå utgangen av mai 2011. Desse innbetalingane er til no i år på 66,3 milliardar kroner.

Sjølv om skatt på formue og inntekt til staten er små tal i forhold til totalen, ser me ein veldig stor prosentvis auke, på 38,8 prosent. Til no har personlege og upersonlege skattytarar betalt inn 16,6 milliardar kroner i ordinær skatt til staten, mens tilsvarande sum til kommunane er på 59,2 milliardar. Til samanlikning er veksten i skatt på formue og inntekt til kommunane berre på 3,4 prosent frå mai 2011. Den låge veksten i kommuneskatt har samanheng med ein regelendring som førte til låge innbetalingar i januar og februar i år samanlikna med januar og februar 2011.

Kommunesamanslåing

Kommunane Mosvik og Inderøy har blitt slege saman, og blitt til Inderøy kommune. I tabell 3 vil endring i prosent samanlikna med åra før vere basert på ei summering av kommunane.

Tabeller: