85011_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
85011
Auke i oljeskattane
statistikk
2012-05-16T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapapril 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auke i oljeskattane

Ved utgangen av april var det betalt inn 297,5 milliardar kroner i skatt i Noreg. Dette er ein auke på 10,2 prosent frå den same perioden i fjor. 73,1 milliardar kroner av dei samla skattane var skatt frå oljeutvinning.

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-april frå 2010 til 2011 og frå 2011 til 2012

Av dei samla oljeskattane som er betalt hittil i år, er 27,7 milliardar kroner betalt som ordinær oljeskatt og 45,4 milliardar kroner betalt som særskatt på oljeutvinning. Desse summane har auka med høvesvis 5,4 milliardar kroner og 9 milliardar kroner frå den tilsvarande perioden i fjor. Samla sett har den innbetalte oljeskatten auka med 24,5 prosent i denne perioden.

Dersom ein ser bort frå oljeskattane, er det fellesskatt til staten frå upersonlege skattytarar som er den største inntektskjelda i april 2012. I denne månaden vart det betalt 24,5 milliardar kroner i fellesskatt, og hittil i år er det samla betalt 50,9 milliardar kroner. Med oljeskatt og ordinære skattar til stat, kommune og fylkeskommune har upersonlege skattytarar betalt inn 129,9 milliardar kroner hittil i år. Dette er 14,5 prosent meir enn i den same perioden i fjor.

Det blei betalt inn små summar frå personlege skattytarar, medrekna arbeidsgjevaravgifta, i april. Til no i år er det betalt inn 167,3 milliardar kroner frå personlege skattytarar. Av dei er 31,5 milliardar betalt som medlemsavgift til folketrygda og 46,3 milliardar betalt som arbeidsgjevaravgift. Samla inntekter til folketrygda har dermed auka med 7,3 prosent hittil i år.

Kommunesamanslåing

Kommunane Mosvik og Inderøy har slått seg saman, og blitt til Inderøy kommune. I tabell 3 vil endring i prosent i forhold til åra før vere basert på ei summering av dessa kommunane.

Tabeller: