85017_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
85017
Framleis auke i skatteinnbetalingane
statistikk
2012-04-20T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapmars 2012

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Framleis auke i skatteinnbetalingane

Ved utgangen av mars i år var det betalt inn 231,9 milliardar kroner i skatt i Noreg. Det er 19,9 milliardar kroner, eller 9,4 prosent, meir enn på same tid i fjor.

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-mars frå 2010 til 2011 og frå 2011 til 2012

Den største kjelda til innbetalte skattar kom frå arbeidsgjevaravgifta og skattar frå personlege skattytarar. Her kom det inn 164,9 milliardar kroner, noko som gjer ein auke på 6,9 prosent, eller 10,7 milliardar kroner.

Auke i innbetalingar til folketrygda

Både folketrygda og arbeidsgjevaravgifta har hatt ein auke i innbetalingane. Til saman har dei motteke 76,9 milliardar kroner hittil i år. Det gjer ein auke på 7 prosent, eller 5 milliardar kroner meir enn i same periode i fjor.

Meir i inntekt til kommunane

For eit år sia var det ei regelendring i inntektssystemet som gjorde at kommuneskatten blei lågare. No ser ein at skatteinnbetalingane til kommunane har begynt å auke igjen. Så langt i år har kommuneskattane auka med 844 millionar kroner, til 35 milliardar kroner. Det gjer ein auke på 3 prosent. Om ein ser innbetalingane i mars i år og mars i fjor i samanheng, har auken vore på 9,9 prosent.

Kommunesamanslåing

Kommunane Mosvik og Inderøy har slått seg saman og blitt til Inderøy kommune. I tabell 3 vil endring i prosent i forhold til åra før vere basert på ei summering av kommunane.

Tabeller: