23462
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23462
Skattebetalinga i år er like stor som i fjor
statistikk
2010-11-19T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapoktober 2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Skattebetalinga i år er like stor som i fjor

Det var betalt inn 569 milliardar kroner i skatt ved utgangen av oktober 2010. Det er omtrent same beløp som i fjor. Tidlegare i år var den totale skattebetalinga i 2010 mindre enn i 2009.

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-oktober frå 2008 til 2009 og frå 2009 til 2010

Det var to hovudkomponentar blant skattane i oktober. Den viktigaste var terminforfallet for skattar på oljeutvinning (ordinær skatt og særskatt). Årets oktobertermin gav ei innbetaling på 29,5 milliardar, eller noko over 4 milliardar meir enn same termin i fjor. Trass i dette er desse innbetalingane 13,5 prosent lågare enn i fjor. Det var betalt 126,5 milliardar i skatt på oljeutvinning innan utgangen av oktober i år.

Auke i tilbakebetalinga til upersonlege skattytarar

Den andre hovudkomponenten trekkjer betalingane ned. Dette kjem av at skatteoppgjeret for upersonlege skattytarar var klart i oktober. Den overskytande forskotsskatten for upersonlege skattytarar (betalt inn i 2009) blei betalt ut att. Dette gav ein refusjon på 11,4 milliardar kroner knytt til fellesskatt til staten (8,9 milliardar førre året), og nesten 12 milliardar kroner totalt. Tilbakebetalinga i fjor var på 9,5 milliardar kroner.

Upersonlege skattytarar hadde betalt 181 milliardar kroner totalt i skatt innan utgangen av oktober, mot 192 milliardar i fjor. Av dette var 51 milliardar fellesskatt til staten, mot nesten 42 førre året.

Marginavsetninga dekte meir av tilgodebeløpet

Marginavsetninga dekte meir av tilgodebeløpet i 2010 enn avsetninga gjorde i fjor. Dette er den viktigaste grunnen til at det blei ei netto utbetaling til personlege skattytarar i oktober 2009, medan det i oktober i år var motsett. For betalt skatt frå personlege skattytarar utgjer dette ein nettoforskjell på litt over 2 milliardar.

Marginavsetninga er ein reserve som blir brukt når tilgodebeløp på for mykje innbetalt forskot skal tilbakebetalast. Marginavsetninga som blei bygd opp gjennom 2009 blei nytta ved tilbakebetaling av tilgodeskatt i oktober 2010.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB