23464_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23464
Forskotstrekk og arbeidsgjevaravgift aukar
statistikk
2010-10-18T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapseptember 2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Forskotstrekk og arbeidsgjevaravgift aukar

I løpet av dei tre første kvartala i år vart det betalt nesten 388 milliardar kroner i skatt frå personlege skattytarar inkludert arbeidsgjevaravgifta. I same tidsrom i fjor vart det betalt nær 379 milliardar. Dette gir ei auke på om lag 2,5 prosent så langt i år.

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-september frå 2008 til 2009 og frå 2009 til 2010

I september var det terminforfall for forskotstrekk og arbeidsgjevaravgift. I forhold til same betalingstermin førre året auka betalingane med 3,6 milliardar kroner, eller litt under 5 prosent.

Innbetalingane til folketrygda hittil i år har auka med mindre enn 2 prosent, eller nær 3 milliardar kroner. Det største bidraget til folketrygda kjem frå arbeidsgjevaravgifta, men medlemsavgifta har hatt ein litt sterkare vekst i år.

Skatteinngangen til kommuneforvaltninga hadde ein auke på 4 prosent i dei 9 første månadene i år. Betalingane i perioden fordelar seg med 93 milliardar kroner til kommunane og 18 milliardar til fylka. Desse tala gir ein auke på 4 prosent for kommunane og 3,7 prosent for fylka.

Dei totale skatteinnbetalingane gjekk ned i dei tre første kvartala

Dei totale skatteinnbetalingane i dei ni første månadene i år blei 551 milliardar kroner. Dette er ein nedgang på 3 milliardar, eller 0,6 prosent, frå året før. Nedgangen skuldast at det har vore ein nedgang i skattebetalingane knytt til petroleumsverksemda.

Tabeller: