23468
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23468
Lågare skatteinnbetalingar frå oljenæringa
statistikk
2010-08-20T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapjuli 2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Lågare skatteinnbetalingar frå oljenæringa

Det blei innbetalt 439 milliardar kroner i skatt i perioden januar-juli i år. Samanlikna med same perioden i 2009 er det ein nedgang på nesten 3 prosent. Reduksjonen kjem av lågare innbetalingar av oljeskattar.

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-juli frå 2008 til 2009 og frå 2009 til 2010

Skattebetalingane som er knytte til oljeverksemda har hittil i år vore litt over 30 prosent lågare enn i same perioden i fjor, ein nedgang frå 97 milliardar til 67 milliardar kroner. Nedgangen sett i høve til i fjor er likevel mindre enn den har vore tidlegare i år. Fram til mars i år var innbetalingane av oljeskattar heile 40 prosent lågare enn i tilsvarande periode i fjor.

Utviklinga for andre upersonlege skattytarar er positiv. Innan utgangen av juli har innbetalingane frå desse auka med om lag 20 prosent, frå drygt 55 milliardar til drygt 66 milliardar kroner. I den tilsvarande perioden førre året var det ein reduksjon på 1 prosent.

For personlege skattytarar har det vore ein liten auke i skatteinnbetalingane.

Nesten 4 prosent meir til kommunane

Innan utgangen av juli har det vidare vorte innbetalt 72 milliardar kroner i skatt til kommunane, noko som er ein auke på nesten 4 prosent. Frå 2008 til 2009 var den tilsvarande auken om lag dobbelt så stor - over 8 prosent. Til fylka utgjorde skatteinnbetalingane om lag 14 milliardar kroner i perioden. Dette er ein auke på over 3 prosent, litt mindre enn i tilsvarande periode i fjor.

Innbetalingane til folketrygda har auka med om lag 1 prosent i perioden, medan auken førre året var litt under 8 prosent.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB