23470_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23470
Reduksjon i skatteinnbetalingane
statistikk
2010-07-20T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapjuni 2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Reduksjon i skatteinnbetalingane

I første halvår 2010 blei det innbetalt til saman 373,6 milliardar kroner i skatt. Dette er ein reduksjon på 18,3 milliardar, eller 4,7 prosent, frå same perioden i 2009. Nedgangen kjem som følgje av ein reduksjon på 33,4 milliardar, eller 33,4 prosent, i dei innbetalte oljeskattane.

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-juni frå 2008 til 2009 og frå 2009 til 2010

Frårekna Kontinentalsokkelen har skatteinntektene til no i år auka med 15,1 milliardar, eller 5,2 prosent, sett i høve til fjoråret. Skatteinntektene utgjorde dermed totalt 304,8 milliardar. Arbeidsgjevaravgift og medlemspremie utgjorde høvesvis 61,2 og 45,3 milliardar kroner, det vil seie ein auke på respektive 0,4 og 2 prosent.

3,6 prosent meir til kommunane

Ordinær skatt til primærkommunane utgjorde i alt 59 milliardar i dei seks første månadene i år, som tilsvarer ein auke på 2 milliardar, eller 3,6 prosent. Fylka fekk ein skatteauke på 300 millionar, eller 2,7 prosent. Samla skatteinntekter til fylka var i denne perioden på 11,5 milliardar.

Tabeller: