23472_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23472
Auka skatteinngang utanom oljeskattane
statistikk
2010-06-17T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapmai 2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Auka skatteinngang utanom oljeskattane

Fram til mai i år vart det innbetalt 348 milliardar kroner i skatt. Dette er ein nedgang på 2,5 prosent frå same perioden i fjor, medan det i førre månaden var ein nedgang på 12 prosent. Det var skatteinnbetalingane frå verksemder utanom kontinentalsokkelen som utvikla seg positivt.

Frå upersonlege skattytarar utanom kontinentalsokkelen har det vore ein auke i skatteinngangen på nesten 22 prosent, eller 11,8 milliardar kroner. Dette kjem frå auka førehandsinnbetaling av skatt frå etterskotspliktige.

Frå personlege skattytarar har det hittil i år vore ein oppgang på 1,6 prosent - som svarar til 3,8 milliardar kroner. Det tilsvarande for førre månaden var ein reduksjon på 2,5 prosent, men i løpet av mai har tilleggsforskot, som no har frist den 31. mai, vorte innbetalt, noko som forklarar utviklinga.

Frå kontinentalsokkelen er tala om lag uendra sidan førre månaden, og dette inneber framleis ein nedgang på om lag 35 prosent, eller 24 milliardar.

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-mai frå 2008 til 2009 og frå 2009 til 2010

Svak oppgang i innbetalingane til folketrygda

Innbetalinga av arbeidsgjevaravgift er nesten uendra sidan same perioden i fjor, men andre innbetalingar til folketrygda har no auka med nesten 2 prosent. Etter førre hovudtermin for innbetaling av arbeidsgjevaravgift, det vil seie i mars, var det ein nedgang på nesten ein halv milliard kroner sidan tilsvarande periode året før. Etter hovudterminen i mai har dette snudd til ein liten auke på 0,3 prosent - eller 211 millionar kroner.

Nær 70 milliardar til kommunane og fylka

Skatteinngangen til primærkommunane utgjorde 58 milliardar kroner dei fem første månadene i år. Dette er ein auke på 3,5 prosent, eller to milliardar, frå same perioden i 2009. Skatteinngangen til fylka var 11,3 milliardar kroner, ei auke på nesten 300 millionar, noko som tilsvarar 2,6 prosent.

Tabeller: