23474_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23474
Nedgang i skatteinnbetalingane
statistikk
2010-05-20T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapapril 2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Nedgang i skatteinnbetalingane

I perioden frå januar til april 2010 vart det til saman innbetalt 238 milliardar kroner i skatt. Dette er ein nedgang på over 12 prosent frå same perioden i fjor. Reduksjonen kjem framfor alt fordi innbetalte oljeskattar var 35 prosent lågare enn i første tertial 2009.

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-april frå 2008 til 2009 og frå 2009 til 2010

Frå upersonlege skattytarar utanom kontinentalsokkelen har det vore ein nedgang på nesten 10 prosent, eller 4,8 milliardar kroner.

Frå personlege skattytarar har det hittil i år vore ein nedgang på 2,5 prosent - tilsvarande 3,8 milliardar kroner. Nedgangen i skatteinnbetalingar frå personlege skattytarar i perioden januar-april er vorten påverka av at fristen for å betala tilleggsforskot er endra, frå 30. april tidlegare år, til 31. mai i år. I fjor var beløpet som vart innbetalt som tilleggsforskot om lag 6,5 milliardar kroner høgare enn det er i år. Det har altså vore ein auke på 2,7 milliardar i dei andre skatteinnbetalingane frå personlege skattytarar hittil i år.

Totalt har det frå 1. tertial 2009 til 1. tertial 2010 vore ein moderat nedgang på noko over 4 prosent i dei totale skatteinnbetalingane frårekna kontinentalsokkelen. Ser ein bort frå endringa nemnt ovafor, er nedgangen berre 1,1 prosent.

Mindre til folketrygda

Innbetalinga av arbeidsgjevaravgift er redusert med litt under ein halv milliard frå 1. tertial i fjor. Andre innbetalingar til folketrygda gjekk ned om lag dobbelt så mykje, over 800 millionar. Dermed vart det ein reduksjon på over 1 milliard i innbetalingane til folketrygda i første tertial.

42,3 milliardar til kommunane og fylka

Skatteinngang til primærkommunane utgjorde 35,4 milliardar dei fire første månadene i år. Dette er ein nedgang på 1,3 prosent, eller ein halv milliard, frå same perioden i 2009. Også skatteinngangen til fylka gjekk ned. Beløpet vart redusert med omtrent 200 millionar kroner, eller noko under 3 prosent, og skatteinnbetalinga til fylka var om lag 7 milliardar.

Tabeller: