23476
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23476
Nedgang i totale skatteinnbetalingar
statistikk
2010-05-05T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapmars 2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Nedgang i totale skatteinnbetalingar

I perioden januar-mars 2010 blei det til saman innbetalt 189,2 milliardar kroner i skatt. Dette er ein nedgang på 6,7 prosent, eller 13,6 milliardar, frå same perioden i fjor. Reduksjonen kjem først og fremst fordi innbetalte oljeskattar var 39,6 prosent lågare enn i fjor.

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar frå 2008 til 2009 og frå 2009 til 2010

Frårekna Kontinentalsokkelen har dei totale skatteinnbetalingane heldt seg stabile det siste året.

I 1. kvartal 2010 utgjorde desse innbetalingane 166,9 milliardar kroner, berre 0,25 prosent eller 409,7 millionar kroner meir enn i same kvartalet i 2009.

Frå personlege skattytarar var det samstundes ein liten auke på 1,6 prosent, tilsvarande 2,3 milliardar kroner. Upersonlege skattytarar betalte derimot 1,9 milliardar kroner mindre i 1. kvartal 2010 enn i same perioden året før.

Meir til folketrygda

Innbetalinga av arbeidsgjevaravgift har blitt redusert med nesten 0,5 milliardar kroner frå 1. kvartal i fjor. Andre innbetalingar til folketrygda auka derimot med nær 1 milliard i denne perioden. Dei totale innbetalingane til folketrygda har derfor hatt ein nettoauke på om omtrent 0,5 milliardar kroner.

40,9 milliardar til kommunane og fylka

Skatteinngangen til primærkommunane utgjorde 34,2 milliardar kroner dei tre første månadene i år. Dette er ein vekst på 6,9 prosent, eller 2,2 milliardar, frå same perioden i 2009. Skatteinngangen til fylka gjekk opp med 2,2 prosent, til 6,7 milliardar kroner.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB