23478_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23478
Nedgang i totale skatteinnbetalingar
statistikk
2010-03-19T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapfebruar 2010

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Nedgang i totale skatteinnbetalingar

I perioden januar til februar 2010 blei det til saman innbetalt nær 113 milliardar kroner i skatt. Dette er ein nedgang på drygt 11 prosent frå den same perioden i fjor. Reduksjonen kjem først og fremst fordi innbetalte oljeskattar var snautt 40 prosent lågare enn i fjor.

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-februar 2008-2009 og 2009-2010

Ser ein bort frå Kontinentalsokkelen, gjekk totale skatteinnbetalingar likevel ned frå 2009 med 0,3 prosent, eller 300 millionar kroner, og utgjorde 90,6 milliardar. Ein årsak til nedgangen er ein reduksjon i innbetalt fellesskatt. Også innbetalt arbeidsgjevaravgift til folketrygda har minka med 2,7 prosent, eller 600 millionar, til 21,8 milliardar. Medlemspremie til folketrygda utgjorde 11,5 milliardar, ein auke frå det same tidsrommet i 2009 på 2,6 prosent, eller 300 millionar kroner.

14,9 milliardar til kommunane

Total skatteinngang til primærkommunane utgjorde 14,9 milliardar. Dette er ein vekst på 3,0 prosent, eller 400 millionar, frå same perioden i 2009. Skatteinngangen til fylka gjekk derimot ned med 2,2 prosent til 2,9 milliardar.

Tabeller: