23482_not-searchable
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23482
Lågare skatteinnbetalingar i 2009
statistikk
2010-01-20T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapdesember 2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Lågare skatteinnbetalingar i 2009

I 2009 blei det innbetalt 694,7 milliardar kroner i skatt. Dette er ein nedgang på 60,7 milliardar eller 8 prosent jamført med 2008.

I desember 2009 blei det registrert 11 millionar for mykje i oljeskatt og 17 millionar for mykje i særskatt for petroleumsutvinning. Desse tala blei korrigert 01.02.2011, både i tabellen for kommunar og i tabellen for fylker. Totalt innbetalt skatt og samla oljeskatt for 2009 er no redusert med 28 millionar i høve til det som opphavleg blei publisert. (01.02.2011)

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-desember frå 2007 til 2008 og frå 2008 til 2009

Det er fyrste gongen sidan 2002 at skatterekneskapen ved årets slutt syner ein nedgang i skatteinnbetalingane frå året før. Nedgangen kjem av ein reduksjon i oljeskattane på 74,1 milliardar, eller 31 prosent frå 2008, til 165,3 milliardar. Skatteinnbetalingar utanom oljeskattane utgjorde 525,6 milliardar, ein svak auke på 2,5 prosent, eller 13 milliardar kroner, frå i fjor. Til samanlikning var det frå 2007 til 2008 ein vekst på 10,5 prosent i skatteinnbetalingane utanom oljeskattar.

108,5 milliardar til primærkommunane

Skatteinngangen til primærkommunane var 6,1 milliardar, eller 5,9 prosent, høgare enn i 2008 og utgjorde 108,5 milliardar. Skatteinntektene til fylkeskommunane var 21,1 milliardar. Dette er ein auke på dryge 400 millionar, eller 2,1 prosent, jamført med 2008.

Arbeidsgjevaravgift og medlemspremie til folketrygda utgjorde høvesvis 120,6 og 89,4 milliardar. Det tilsvarer ein auke på høvesvis 4,8 og 7,3 prosent.

Tabeller: