23486
/offentlig-sektor/statistikker/skatteregn/arkiv
23486
Reduserte petroleumsskattar
statistikk
2009-11-20T10:00:00.000Z
Offentlig sektor;Svalbard
no
skatteregn, Skatterekneskap, skatteinnbetalingar, skattefordeling, skatteart, avgifterSkatteregnskap, Offentlig sektor, Offentlig sektor, Svalbard
false

Skatterekneskapoktober 2009

Innhald

Publisert:

Du er inne i ei arkivert publisering.

Gå til den nyaste publiseringa

Reduserte petroleumsskattar

I perioden frå januar til oktober utgjorde skatteinnbetalingane nær 569 milliardar kroner. Dette er ein nedgang frå den same perioden i 2008 på 39,6 milliardar, eller 6,5 prosent. Nedgangen kjem av ein reduksjon av skatteinntektene frå petroleumsverksemda frå det høge nivået i 2008.

Skatteinngangen fordelt på fylke. Prosentvis endring januar-oktober frå 2007 til 2008 og frå 2008 til 2009

Skatteinngangen til Kontinentalsokkelen viser ein nedgang på 48,9 milliardar kroner, eller 25 prosent, og utgjorde nær 150 milliardar totalt. Bortrekna Kontinentalsokkelen utgjorde totale skatteinnbetalingar vel 419 milliardar. Dette er ein svak auke på 2,3 prosent, eller 9,3 milliardar, frå 2008.

7,1 prosent auke til primærkommunane

Ordinær skatt til primærkommunane utgjorde 88,4 milliardar kroner, ein auke på 7,1 prosent, eller 5,9 milliardar, samanlikna med den same perioden i fjor. Skatteinnbetalingane til fylkeskommunane auka med 2,5 prosent, eller dryge 400 millionar, til 17,3 milliardar.

Arbeidsgjevaravgift til folketrygda steig med 5,9 prosent til om lag 102 milliardar, og medlemsavgifta gjekk opp med 7 prosent til 69,5 milliardar.

Tabeller:

Fant du det du lette etter?

Du har slått av Javascript. Du kan sende oss en tilbakemelding på informasjon@ssb.no.

Send e-post til SSB